13010_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/tpiikt/arkiv
13010
Liten prisauke på datatenester
statistikk
2010-11-29T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Teknologi og innovasjon
no
tpiikt, Prisindeksar for informasjon og kommunikasjon, prisutvikling, tenesteprisindeks, telekommunikasjonstenester, bedriftsmarknad, privatmarknad, datakonsulenttenester, konsulentprisar etter kompetansenivå (for eksempel programmerar, IT-arkitekt, prosjektleiar)Informasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Produsent- og engrosprisindekser, Teknologi og innovasjon, Priser og prisindekser
false

Prisindeksar for informasjon og kommunikasjon3. kvartal 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Liten prisauke på datatenester

Prisane for datakonsulenttenester gjekk opp med 1,7 prosent frå 2. kvartal 2010 til 3. kvartal 2010. Prisane for telekommunikasjonstenester steig med berre 0,3 prosent.

Prisindeksar innanfor informasjon og kommunikasjon. 1. kvartal 2006-3. kvartal 2010. 2006=100

For telekommunikasjonstenester gjekk indeksen for private kundar ned med 0,2 prosent frå 2. kvartal 2010 til 3. kvartal 2010. Prisane for bedriftskundar auka med 1,1 prosent. På bedriftsmarknaden var prisane for fasttelefonitenester tilnærma uendra, medan prisane for internett- og mobiltenester gjekk opp med høvesvis 4,2 og 1,1 prosent samanlikna med kvartalet før.

Prisane steig på datakonsulenttenester med 1,5 prosent frå 3. kvartal 2009 til 3. kvartal 2010, medan det for telekommunikasjonstenester vart målt ein prisnedgang på 0,2 prosent.

Prisindeksar innanfor informasjon og kommunikasjon. 3. kvartal 2010. 2006=100. Endring frå same kvartal året før og frå førre kvartal. Prosent
Næring Prisindeks 3. kvartal 2010 Endring frå førre kvartal. Prosent Endring frå same kvartal året før. Prosent
Telekommunikasjonstjenester 86,8 0,3 -0,2
Datakonsulenttjenester  111,3 1,7 1,5

Ny publiseringsrutine for tenesteprisindeksar

Denne statistikken er frå og med 1. kvartal 2009 publisert etter ny næringsstandard (SN2007). Tidlegare publiseringar av prisindeks for telekommunikasjonstenester og for datakonsulenttenester vart då slått saman til ei publisering. Etter krav frå Eurostat er ny felles referanseperiode for tenesteprisindeksane teken i bruk frå og med publiseringa 1. kvartal 2009, med 2006=100. Indeksen for datakonsulenttenester er justert i alle tabellar.