Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Billigare teletenester
Prisane for telekommunikasjonstenester gjekk ned med 1,6 prosent frå 3. til 4. kvartal 2010. Prisane for datakonsulenttenester var tilnærma uendra.
Det er prisane for privatkundar som hovudsakleg førte til nedgangen for telekommunikasjonstenester. Tenestene fall med 3 prosent på privatmarknaden frå 3. til 4. kvartal 2010. Bedriftskundar opplevde ein nedgang på 1,1 prosent samanlikna med kvartalet før, hovudsakleg på grunn av prisfall på internett- og mobiltenester.
Sjølv om prisane på datakonsulenttenester var så godt som uendra frå 3. til 4. kvartal 2010, steig dei i perioden 4. kvartal 2009-4. kvartal 2010 med 1,9 prosent. I same firekvartalsperiode vart det for telekommunikasjonstenester målt ein prisnedgang på 1,8 prosent.
Næring | Prisindeks 4. kvartal 2010 | Endring frå førre kvartal. Prosent | Endring frå same kvartal året før. Prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Telekommunikasjonstenester | 85,5 | -1,6 | -1,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Datakonsulenttenester | 111,5 | 0,2 | 1,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Ny publiseringsrutine for tenesteprisindeksarDenne statistikken er frå og med 1. kvartal 2009 publisert etter ny næringsstandard (SN2007). Tidlegare publiseringar av prisindeks for telekommunikasjonstenester og for datakonsulenttenester vart då slege saman til ei publisering. Etter krav frå Eurostat er ny felles referanseperiode for tenesteprisindeksane teken i bruk frå og med publiseringa 1. kvartal 2009, med 2006=100. Indeksen for datakonsulenttenester er justert i alle tabellar. |
Statistikken blir no publisert saman med Produsentprisindekser for tjenester.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42