54680_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/tpiikt/kvartal
54680
Billigare teletenester for bedriftskundar
statistikk
2011-11-30T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Teknologi og innovasjon
no
tpiikt, Prisindeksar for informasjon og kommunikasjon, prisutvikling, tenesteprisindeks, telekommunikasjonstenester, bedriftsmarknad, privatmarknad, datakonsulenttenester, konsulentprisar etter kompetansenivå (for eksempel programmerar, IT-arkitekt, prosjektleiar)Informasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Produsent- og engrosprisindekser, Teknologi og innovasjon, Priser og prisindekser
false

Prisindeksar for informasjon og kommunikasjon3. kvartal 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Billigare teletenester for bedriftskundar

Prisane for telekommunikasjonstenester på bedriftsmarknaden gjekk ned med 2,5 prosent frå 2. til 3. kvartal 2011. Privatkundar opplevde ein prisoppgang på 1,3 prosent i same periode.

Prisindeksar innanfor informasjon og kommunikasjon. 1. kvartal 2006-3. kvartal 2011. 2006=100

For heile marknaden gjekk indeksen for teletenester ned med 0,1 prosent frå 2. til 3. kvartal 2011. Prisnedgangen på bedriftsmarknaden kjem hovudsakleg på grunn av reduserte prisar for mobiltenester. Prisane for datakonsulenttenester viste ein nedgang på 0,4 prosent samanlikna med førre kvartal.

Frå 3. kvartal 2010 til 3. kvartal 2011 fall prisane for telekommunikasjonstenester med 1,9 prosent, medan prisane for datakonsulenttenester var tilnærma uendra i same periode.

Prisindeksar innanfor informasjon og kommunikasjon. 3. kvartal 2011. 2006=100.
Endring frå same kvartal året før og frå førre kvartal. Prosent
Næring Prisindeks
3. kvartal 2011
Endring frå
førre kvartal.
Prosent
Endring frå
same kvartal
året før.
Prosent
Telekommunikasjonstenester 85,2 -0,1 -1,9
Datakonsulenttenester  111,4 -0,4 0,1