90623_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/tpiikt/kvartal
90623
Prisauke på datakonsulenttenester
statistikk
2012-12-03T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Teknologi og innovasjon
no
tpiikt, Prisindeksar for informasjon og kommunikasjon, prisutvikling, tenesteprisindeks, telekommunikasjonstenester, bedriftsmarknad, privatmarknad, datakonsulenttenester, konsulentprisar etter kompetansenivå (for eksempel programmerar, IT-arkitekt, prosjektleiar)Informasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Produsent- og engrosprisindekser, Teknologi og innovasjon, Priser og prisindekser
false

Prisindeksar for informasjon og kommunikasjon3. kvartal 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Prisauke på datakonsulenttenester

Prisane på datakonsulenttenester steig med 3,4 prosent frå 3. kvartal 2011 til 3. kvartal 2012, medan prisane på telekommunikasjonstenester fall med 3,8 prosent i same periode.

Prisindeksar innanfor informasjon og kommunikasjon. 1. kvartal 2006-3. kvartal 2012. 2006=100

Prisane på alle typar datakonsulenttenester har auka det siste året. Veksten var høgast for IT-arkitektar og rådgjevarar, høvesvis 6,5 og 4,7 prosent. Prisane på telekommunikasjonstenester gjekk ned på grunn av reduksjon i prisane til privatkundar. I 3. kvartal 2012 var prisane for privatkundar 7,4 prosent lågare enn i 3.kvartal 2011.

Prisane på både telekommunikasjons- og datakonsulenttenester viste ein liten vekst på høvesvis 0,2 og 0,6 prosent frå 2. til 3. kvartal 2012. Innanfor telekommunikasjonstenester har prisane for privatkundar falle med 1 prosent frå det førre kvartalet, medan bedriftskundar opplevde ein prisoppgang på 2,3 prosent. Denne veksten kjem hovudsakleg på grunn av prisauke på mobiltelefonitenester.

Prisindeksar innanfor informasjon og kommunikasjon. 3. kvartal 2012. 2006=100. Endring frå same kvartal året før og frå førre kvartal. Prosent
Næring Prisindeks
3. kvartal 2012
Endring frå
førre kvartal.
Prosent
Endring frå
same kvartal
året før.
Prosent
Telekommunikasjonstenester 81,9 0,2 -3,8
Datakonsulenttenester  115,2 0,6 3,4