92937_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/tpiikt/kvartal
92937
Dyrare telekommunikasjonstenester for bedrifter
statistikk
2013-03-04T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Teknologi og innovasjon
no
tpiikt, Prisindeksar for informasjon og kommunikasjon, prisutvikling, tenesteprisindeks, telekommunikasjonstenester, bedriftsmarknad, privatmarknad, datakonsulenttenester, konsulentprisar etter kompetansenivå (for eksempel programmerar, IT-arkitekt, prosjektleiar)Informasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Produsent- og engrosprisindekser, Teknologi og innovasjon, Priser og prisindekser
false

Prisindeksar for informasjon og kommunikasjon4. kvartal 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Dyrare telekommunikasjonstenester for bedrifter

Prisane på telekommunikasjonstenester auka med 1,5 prosent frå 3. til 4. kvartal 2012. I same periode gjekk prisane på datakonsulenttenester ned 0,8 prosent.

Prisindeksar innan informasjon og kommunikasjon. 2006=100
4. kvartal 2012Endring i prosent
3. kvartal 2012 - 4. kvartal 20124. kvartal 2011 - 4. kvartal 2012
Telekommunikasjonstenester83,11,5-2,6
Datakonsulenttenester114,3-0,81,6
Prisindeksar innanfor informasjon og kommunikasjon. 1. kvartal 2006-4. kvartal 2012. 2006=100

Vekst i prisane for telekommunikasjonstenester kjem hovudsakleg på grunn av prisauke i bedriftsmarknaden. I 4. kvartal 2012 betalte bedriftskundar 3,4 prosent meir for telekommunikasjonstenester enn kvartalet før. Prisane i privatmarknaden var nesten uendra.

Ser ein på prisutviklinga i perioden 4. kvartal 2011 til 4. kvartal 2012, blei telekommunikasjonstenester for privatkundar 6,5 prosent billegare. Bedriftskundar opplevde derimot ein prisvekst på 4,3 prosent.

Sjølv om prisane på datakonsulenttenester viste ein nedgang frå 3. til 4. kvartal 2012, steig dei med 1,6 prosent frå 4. kvartal 2011 til 4. kvartal 2012. Det lages delindeksar for fire ulike kompetansenivå og fem ulike stillingstypar for datakonsulentane. Prisane for alle fire typar kompetansenivå auka i denne perioden. Veksten var størst for datakonsulentane med det lågaste kompetansenivået, desse auka med 4,3 prosent. Samanliknar ein ulike stillingstypar, var det IT-arkitektar og rådgjevarar som hadde den største prisauken frå 4. kvartal 2011 til 4. kvartal 2012, høvesvis 3,1 og 3,4 prosent.