Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Prisauke på datakonsulenttenester
Prisane på datakonsulenttenester auka med 1,4 prosent frå 4. kvartal 2012 til 1. kvartal 2013. I same periode auka prisane på telekommunikasjonstenester så vidt, med 0,2 prosent.
1. kvartal 2013 | Endring i prosent | ||
---|---|---|---|
4. kvartal 2012 - 1. kvartal 2013 | 1. kvartal 2012 - 1. kvartal 2013 | ||
Telekommunikasjonstjenester | 96,3 | 0,2 | 0,7 |
Datakonsulenttjenester | 104,7 | 1,4 | 1,7 |
Årleg endring på datakonsulenttenester var på 1,7 prosent frå 1. kvartal 2012. Den kvartalsvise endringa i 1. kvartal 2013 var den største prisauken i perioden.
Prisane på telekommunikasjonstenester gjekk opp med 0,7 prosent frå 1. kvartal 2012 og 1. kvartal 2013. Prisane for privatkundar gjekk ned med 2,3 prosent, medan prisane for bedriftskundar auka med 5,9 prosent det siste året. Det er i hovudsak prisane innanfor fasttelefoni som er skuld i auken i denne perioden.
Statistikken blir no publisert saman med Produsentprisindekser for tjenester.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42