Innhald
Publisert:
Nedgang i lånegjeld til utlandet
Den utanlandske lånegjelda til ikkje-finansielle føretak, kommunar og hushald gjekk ned med 6,2 milliardar kroner, til 529,4 milliardar kroner frå november til desember.
Dei offentlege føretaka senka lånegjelda si til utlandet med 29,3 milliardar kroner, til 130,4 milliardar kroner frå november til desember. Det var den kortsiktige lånegjelda som gjekk ned med 24,7 milliardar til 34,8 milliardar kroner. Samstundes auka dei private føretaka si lånegjeld til utlandet med 20,3 milliardar kroner til 389,1 milliardar kroner. For dei private føretaka auka den langsiktige lånegjelda med 27,8 milliardar kroner til 329,8 milliardar kroner, mens den kortsiktige lånegjelda gjekk ned med 7,4 milliardar kroner.
Tabeller:
Statistikken blir no publisert som Kredittindikator.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42