216023_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/barneverng/aar
216023
Auke i barn under omsorg av barnevernet
statistikk
2015-07-09T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
barneverng, Barnevern, kommunalt barnevern, barnevernstiltak, undersøkingssaker, uromeldingar, hjelpetiltak, omsorgstiltak, fosterheimar, besøksheimar, støttekontakt, ettervernsklientar, barnevernsinstitusjonar, beredskapsheimar, omsorgssvikt, barnemishandling, åtferdsvanskar, plasseringar, behandlingstidSosiale forhold og kriminalitet, KOSTRA, Barne- og familievern, Innvandring og innvandrere, Sosiale forhold og kriminalitet, Offentlig sektor
false
Antall barn og unge med tiltak, undersøkelser og meldinger i barnevernet. 53 100 barn og unge fekk tiltak frå barnevernet i løpet av 2014,

Barnevern2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i barn under omsorg av barnevernet

53 100 barn og unge fekk tiltak frå barnevernet i løpet av 2014, om lag det same som i 2013. Talet på barn som var under omsorg blant desse auka med 6 prosent. 9 600 barn fekk omsorgstiltak i løpet av 2014, og 43 500 barn og unge fekk hjelpetiltak.

Hovudtal for barnvernsstatistikken
201220132014
1Fram til og med rapporteringsåret 2012 blei kun ei undersøking per barn rapportert, og då den første eller den som eventuelt førte til tiltak. Frå og med 2013 er alle undersøkingar starta og/eller avslutta i løpet av året rapportert.
Barn med barnevernstiltak i løpet av året53 19853 15053 088
Hjelpetiltak44 20344 07243 477
Omsorgstiltak8 9959 0789 611
 
Oslo5 3955 6925 485
Region aust12 18612 10812 267
Region sør11 08611 09011 201
Region vest10 53210 80910 987
Region Midt-Noreg7 7247 5947 395
Region nord6 2755 8575 753
 
Meldingar i løpet av året52 55352 996
 
Undersøkingar starta i løpet av året134 59141 49341 922
Undersøkingar avslutta i løpet av året136 65238 04641 016
 
Tilsette i alt4 375,24 855,65 139,2

Sett i høve til talet på barn i befolkninga i aldersgruppa 0-17 år har også delen med omsorgstiltak blitt større. Dei siste ti åra har barn under omsorg auka frå 5,5 per 1 000 barn i 2005 til 7,6 per 1 000 barn i 2014. Barn med hjelpetiltak i alderen 0-17 år auka fram til 2010, men har etter det gått ned frå 24,1 barn per 1 000 i 2010 til 22,0 per 1 000 barn på slutten av 2014. Dette kan ein sjå på som ei vriding av barnevernet frå eit velferdsbarnevern med målsetning å betre barns levekår, mot kjernebarnevernet, der den viktigaste oppgåva er å beskytte barn frå omsorgssvikt.

Stabilt tal på barn og unge med tiltak i løpet av året

53 100 barn og unge fekk hjelpe- og omsorgstiltak frå barnevernet i løpet av 2014. I 2013 var talet 53 150. 9 600 barn fekk omsorgstiltak i løpet av 2014, ein auke på nær 550 barn. 43 500 barn og unge fekk hjelpetiltak, som er nesten 600 færre enn i 2013. Frå 2013 har delen barn som fekk omsorgstiltak av alle barn med tiltak auka frå 17 til 18 prosent, medan delen barn med hjelpetiltak er redusert tilsvarande.

6 850 unge mellom 18 og 22 år fekk ettervern frå barnevernet i 2014. Dette er som i 2013, og dermed er det ikkje lengre ein vekst i denne aldersgruppa slik det har vore tidlegare.

7 av 10 plasserte i fosterheim

På slutten av 2014 var vel 37 100 barn og unge registrert med tiltak frå barnevernet. Dette er vel 100 færre barn og unge med tiltak enn på slutten av 2013.

Av barn og unge med tiltak på slutten av året var 40 prosent, eller 14 800, plasserte utanfor heimen, enten som hjelpe- eller omsorgstiltak. Talet på plasserte barn og unge auka med vel 2 prosent frå utgangen av 2013. Fosterheim er det klart viktigaste plasseringstiltaket. Meir enn 7 av 10 plasserte budde i fosterheim i 2014. Det var nesten 700 barn og unge i beredskapsheim på slutten av året. Vel 2 350 budde i bustad med oppfølging eller fekk økonomisk hjelp til hybel.

Om lag 1 250 barn og unge budde i institusjon ved utgangen av året. Dette er omtrent som i 2013. Det publiserte talet for 2013 er 1 450, men dette talet er litt for høgt grunna ein feil i rapporteringa for 2013 i samband med omlegginga av statistikken.

8 av 10 meldingar vidare til undersøking

I løpet av 2014 handsama barnevernstenesta 53 000 meldingar som omfatta 46 950 barn. Dette er ein liten auke på under ein prosent frå 2013. Over 98 prosent av meldingane vart handsama og konkludert innanfor fristen på 7 dagar, men det er skilnader mellom fylka. I Vest-Agder vart over 99 prosent konkludert innan fristen, mot 92 prosent i Finnmark.

Som i 2013 gjekk 79 prosent av meldingane vidare til undersøking, medan resten vart lagt bort. Dess eldre barna er dess oftare vert meldingane lagde bort. 17 prosent av meldingane i aldersgruppa 0-2 år og 24 prosent av meldingane i aldersgruppa 13-17 år vart lagt bort.

Over 53 prosent av meldingane gjaldt gutar og nær 47 prosent gjaldt jenter i 2014. Av dei som fekk tiltak var 55 prosent gutar, og 45 prosent var jenter.

Meldingar frå politiet oftast lagde bort

Nesten 16 prosent av meldingane til barnevernet kom frå politiet, men meldingane derifrå er også dei som oftast vert lagde bort. I 2014 vart 41 prosent av meldingane frå politiet lagde bort og ikkje nærare undersøkt av barnevernet, dette er same del som i 2013.

Ved sida av politiet er det barnevernstenesta sjølv og skolen som står bak dei fleste meldingane, med høvesvis 14 og 12 prosent av meldingane. Knapt 9 prosent av meldingane kom frå foreldre/føresette.

Nesten 6 prosent av alle meldingar kom frå barnehage. Av desse vart berre 9 prosent lagde bort. I aldersgruppa 0-5 år der barnehage er mest aktuell som melder, var over 13 prosent av meldingane frå barnehage i 2014.

1 av 4 undersøkingar starta på grunn av manglande foreldreferdigheiter

I vel 25 prosent av meldingane der barnevernet konkluderte med at undersøking skulle startast, var manglande foreldreferdigheiter registrert som innhald i meldinga. Andre kategoriar som var mykje registrert, med mellom 13 og 18 prosent av meldingane, var følgjande:

  • vald i heimen/barnet vitne til vald i nære relasjonar
  • foreldra sitt rusmisbruk
  • høg grad av konflikt heime
  • foreldra sine psykiske problem/lidingar

Samlekategoriane ‘andre forhold ved foreldra’ og ‘andre forhold ved barnet sin situasjon’ utgjorde høvesvis 15 og 14 prosent av meldingane. Av meldingane som vart lagde bort var innhaldet oftast i desse kategoriane. Foreldra sitt rusmisbruk og foreldra sine manglande foreldreferdigheiter var registrert som innhald i rundt 16 prosent av meldingane som vart lagde bort.

41 900 undersøkingar starta

Det vart starta vel 41 900 undersøkingar for 39 400 barn i løpet av 2014. Eit barn kan ha fleire undersøkingar gjennom eit år. Det var ein auke i talet på barn det vart starta undersøking for på litt over ein prosent frå 2013 til 2014. Det er ein mykje lågare vekst enn året før då det var heile 12 prosent fleire undersøkingar starta. Dei fleste undersøkingane vart starta i aldersgruppa 6-12 år, med heile 39 prosent. Vidare vart 32 prosent av undersøkingane starta blant dei yngste barna på 0-5 år og 27 prosent i aldersgruppa 13-17 år. Dette var omtrent som i 2013.

I Sogn og Fjordane vart det starta 27,2 undersøkingar per 1 000 barn i alderen 0-17 år, også i Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal vart det starta få undersøkingar, rett over 32 per 1 000. Medan det vart starta flest i høve til folketalet i Finnmark med 57,0 per 1 000 barn 0-17 år og i Vestfold med 49,8.

Vedtak om tiltak i meir enn 4 av 10 undersøkingar

Barnevernstenesta konkluderte 41 000 undersøkingar i løpet av 2014. Dette er ein auke på nær 8 prosent frå 2013, og heng saman med auken i starta undersøkingar i 2013. I vel 42 prosent av undersøkingane vart det gjort vedtak om tiltak. I 1,5 prosent av alle undersøkingane vart det sendt krav om tiltak til fylkesnemnda frå barnevernet. Resten av undersøkingane vart lagde bort med ulik grunngjeving. Vel 44 prosent vart lagde bort etter barnevernstenesta si vurdering. Knapt 8 prosent var lagde bort fordi familien ikkje ønskte hjelp, og under 5 prosent fordi familien flytta. Fordelinga mellom dei ulike konklusjonane er omtrent som i 2013.

Nesten 79 prosent av undersøkingane som vart avslutta i 2014, vart konkludert innanfor fristen på 3 månader. Gjennomsnittleg behandlingstid var 94 dagar. Dette er noko lågare enn i 2013 då gjennomsnittet var 97 dagar. Som for meldingane er det store skilnader mellom fylka, frå Telemark med ei gjennomsnittleg behandlingstid av undersøkingar på 78 dagar, til Finnmark med nesten dobbelt så lang behandlingstid, heile 148 dagar.

Vel 1 av 4 tiltak grunna manglande foreldreferdigheiter

Både som innhald i meldingane òg som grunngjeving for tiltaka var manglande foreldreferdigheiter den oftast registrerte kategorien. Dei vanlegaste grunnane for vedtak om tiltak var:

  • manglande foreldreferdigheiter: 26 prosent
  • foreldra sine psykiske problem: 17 prosent
  • høg grad av konflikt heime: 12 prosent
  • andre forhold ved foreldra/familien: 11 prosent
  • foreldra sitt rusmisbruk: 8 prosent

For undersøkingane som konkluderte med at krav om tiltak skal sendast til fylkesnemnda, var det to grunnar som var klart mest registrert; foreldra sine psykiske problem i 35 prosent av sakene og manglande foreldreferdigheiter i 32 prosent av sakene. Deretter følgjer to grunnar som begge var registrert i vel 8 prosent av sakene sendt fylkesnemnda, ‘foreldra sitt rusmisbruk’ og ‘vald i heimen / barnet vitne til vald i nære relasjonar’. Det er altså skilnader i registrert grunngjeving der barnevernet vedtek tiltak og der dei sender krav om tiltak til fylkesnemnda.

Flest tiltak for å styrke barn si utvikling

Etter at statistikken vart lagt om er det frå 2013 mogleg å registrere og rapportere inn i fleire tiltakskategoriar enn tidlegare. I alt var det rapportert inn 147 100 tiltak i løpet av 2014. Dette er omtrent som i 2013.

Det var registrert 82 750 tiltak på slutten av 2014. Det er ein auke på 5 400 frå 2013. ‘Tiltak for å styrke barn si utvikling’ var den største tiltakskategorien. 40 prosent av barna fekk slike tiltak på slutten av 2014. Døme på desse tiltaka er besøksheim/avlasting, økonomisk hjelp, barnehage, SFO og fritidsaktivitetar. 25 prosent av tiltaka frå barnevernet var tiltak for å styrke foreldreferdigheitene. Av desse var vel 15 prosent vedtak om råd og rettleiing.

10 prosent av tiltaka var i kategorien ‘nettverksarbeid og samarbeid med andre tenester’. Her er ‘deltaking i ansvarsgruppe’ det største tiltaket. Nesten 6 prosent av tiltaka på slutten av 2014 var tiltak som inneber tilsyn og kontroll. Vel ein prosent av tiltaka var i kategorien ‘undersøking og behandling frå andre tenester’. Resten av tiltaka var plasseringstiltak.

Fleire årsverk i barnevernstenesta

Totale brutto driftsutgifter i barnevernet auka med nesten 600 millionar frå 2013 til 2014. Dette er ein vekst på vel 5 prosent, som er ein god del lågare enn veksten dei siste åra. Ein del av desse utgiftene er knytt til talet på årsverk. Det var 5 139 årsverk i barnevernstenesta ved utgangen av 2014, ein auke på nesten 6 prosent frå 2013. Den dominerande gruppa av tilsette var barnevernspedagogar, dei utgjer 2 416 årsverk. 1 499 årsverk var utdanna sosionomar.

Stadig fleire barnevernstenester i interkommunalt samarbeid

Av 428 kommunar var 201, eller 47 prosent, organisert i eit interkommunalt samarbeid ved utgangen av 2014. Veksten i interkommunalt samarbeid held fram, men er ikkje så sterk som dei førre åra. 13 kommunar organiserte barnevernstenesta som ein del av NAV i 2014, talet har halde seg omtrent uendra dei siste åra.

Frå melding via undersøking til tiltakÅpne og lesLukk

Ei barnevernssak startar ofte med ei melding til barnevernet, som snarast og innan ei veke må avgjere om dei skal setje i gang ei undersøking eller leggje bort meldinga. Ei undersøking skal snarast og innan tre månader konkludere om det skal setjast i verk barnevernstiltak, eller om ein skal leggje bort saka.

Endringar i statistikkenÅpne og lesLukk

Frå 2013 er det gjort endringar i korleis og kva som blir rapportert frå kommunane til Statistisk sentralbyrå (SSB). I tillegg har ikkje alle kommunar rapportert for 2013. Dermed kan ikkje alle tal for 2013 samanliknast med åra før eller etter.

Kommunane Granvin, Værøy, Flakstad, Moskenes, Kautokeino og Måsøy har ikkje rapportert inn tal for 2013. Av alle barn og unge i alderen 0-22 år i landet var 0,15 prosent registrert i desse kommunane ved utgangen av 2013. Landstala for 2013 som det blir samanlikna med i denne artikkelen, og i statistikkbanktabellane, har ikkje desse seks kommunane inkludert.