Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire barn mottok tiltak
I alt 31 900 barn mottok tiltak frå barnevernet i løpet av 2000. Dette er 1 150 fleire enn i 1999, og ein auke på 3,7 prosent. Aldri har talet på barn med tiltak frå barnevernet vore så høgt.
Dei aller fleste av barna, åtte av ti, mottok berre hjelpetiltak, som til dømes besøksheim, støttekontakt eller barnehage. Vel 6 000 barn var under omsorg av barnevernet i løpet av 2000, og åtte av ti av desse var plasserte i fosterheim. Dei andre hadde enten institusjonsplass eller andre omsorgstiltak utafor heimen.
1 000 fleire barn mottok tiltak per 31.12
Vel 24 800 barn mottok barnevernstiltak ved utgangen av 2000. Det er 1 000 fleire enn året før, og ein auke på 4,2 prosent. Dei aller fleste av desse barna, 19 700 barn, var registrerte med eitt eller fleire hjelpetiltak. Dette er om lag 800 fleire enn året før, og ein auke på 4,3 prosent. Per 31. desember 2000 hadde barnevernet teke omsorg for litt meir enn 5 100 barn. Av desse var langt dei fleste, omkring 4 450 barn, plasserte i fosterheim. Vel 450 barn var i barne- eller ungdomsheim og vel 200 barn i andre omsorgstiltak utanfor heimen.
Auke i plassering som hjelpetiltak
Lov om barnevernstjenester opnar for å plassera barn utanfor heimen utan at fylkesnemnda fattar vedtak om å overta omsorg for barnet. Det er difor fleire barn som er plasserte utanfor heimen, enn talet på barn under omsorg. Plasseringa kallast då eit hjelpetiltak. Trenden no er at barnevernet brukar hjelpetiltak i staden for å ta over omsorg for barna. Frå 1993 har talet på barn plasserte i fosterheimar, som hjelpetiltak, auka frå vel 300 til vel 1 500 barn ved utgangen av år 2000. Tilsvarande har det vore ein auke av barn plasserte i barne- og ungdomsheimar som hjelpetiltak; frå omkring 150 barn ved utgangen av 1993, til nær 700 barn i 2000. Noko av den auken heng saman med at barn no kan ha tiltak fram til fylte 23 år. Ei plassering i fosterheim som omsorgstiltak, vil alltid gå over frå eit omsorgstiltak til eit hjelpetiltak når barnet fyller 18 år. Ingen kan være under omsorg etter fylte 18 år. Mange av dei som har tiltak etter fylte 20 år, er unge som har fått forlenga ei fosterheim- eller institusjonsplassering.
Fleire barn under omsorg
Per 31. desember 2000 var det i alt vel 5 100 barn under omsorg av barnevernet. Dette er nær 200 fleire enn ved utgangen av 1999, og ein auke på 3,8 prosent samanlikna med året før. Auken frå 1998 til 1999 var til samanlikning på 2,1 prosent.
Store skilnader mellom fylka
Ved utgangen av 2000 var det i gjennomsnitt 22 barn per 1 000 barn under 18 år som mottok barnevernstiltak, mot 21 året før. Det er framleis store skilnader mellom fylka. Telemark og Østfold ligg på topp med 27 klientar per 1 000 barn. Nordland ligg òg høgt med 26, og Oslo, Rogaland og Finnmark hadde alle 24 klientar per 1 000 barn under 18 år. Til samanlikning hadde Akershus berre 17, og Sogn og Fjordane og Oppland hadde 18 barn med tiltak per 1 000 barn.
Flest tiltak i Stavanger
Av dei fire største byane var det Stavanger som hadde flest barn med tiltak i høve til barnebefolkningen. Ved utgangen av 2000 hadde Stavanger registrert 29 barn per 1 000 barn under 18 år med barnevernstiltak, det same som året før. Oslo hadde til samanlikning 24 ved utgangen av 2000. Bergen og Trondheim har dei to siste åra lege på om lag same nivå, med i nemnde rekkjefølgje 23 og 22 barn med tiltak per 1 000 barn under 18 år.
Barn plasserte i fosterheimar og barnevernsinstitusjonar på slutten av året, etter type
tiltak. 1993-2000 |
år |
Fosterheimar
i alt |
Fosterheimar
(omsorg) |
Fosterheimar
(hjelpetiltak) |
Barnevernsinstitusjonar
i alt |
Barnevernsinstitusjonar
(omsorg) |
Barnevernsinstitusjonar
(hjelpetiltak) |
|||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1993 | 4 952 | 4 641 | 311 | 748 | 583 | 165 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
1994 | 4 843 | 4 267 | 576 | 782 | 515 | 267 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
1995 | 4 959 | 4 216 | 743 | 787 | 428 | 359 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
1996 | 4 902 | 3 981 | 921 | 824 | 408 | 416 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
1997 | 5 118 | 4 055 | 1 063 | 788 | 357 | 431 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
1998 | 5 456 | 4 198 | 1 258 | 933 | 424 | 509 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
1999 | 5 664 | 4 277 | 1 387 | 1 011 | 438 | 573 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
2000 | 6 007 | 4 462 | 1 545 | 1 140 | 460 | 680 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Tabeller:
- Tabell 1 Barn med barnevernstiltak 31. desember, etter tiltak. Fylke. 1987-2000
- Tabell 2 Barn med barnevernstiltak 31. desember, etter alder og tiltak. 2000
- Tabell 3 Barn med barnevernstiltak i løpet av året og på slutten av året, etter tiltak. 2000
- Tabell 4 Barn med barnevernstiltak i løpet av året, på slutten av året og nye barn, etter tiltak og fylke. 1987-2000
- Tabell 5 Barn med barnevernstiltak i løpet av året, etter alder og tiltak. 2000. (Rettet 05.09.01)
- Tabell 6 Barn med barnevernstiltak i løpet av året, på slutten av året og nye barn. Tal for kjønn og alder. Absolutte tal og per 1 000 barn. 2000 (Rettet 26. oktober 2001)
- Tabell 7 Barn med barneverntiltak i løpet av året, etter tiltak og fylke. 1987-2000
- Tabell 8 Nye barn med barnevernstiltak, etter alder og grunn til å setja i verk tiltak. 1987-2000
- Tabell 9 Nye barn med barnevernstiltak, etter alder og tiltak. 2000. (Rettet 06.09.2001)
- Tabell 10 Nye barn med barnevernstiltak, etter alder og kven som tok opp saka. 2000. (Rettet 06.09.2001)
- Tabell 11 Barn med barnevernstiltak i løpet av året og barn i befolkninga, etter alder og kommunestorleik. 2000
Kontakt
-
Tone Dyrhaug
E-post: tone.dyrhaug@ssb.no
tlf.: 40 90 24 20
-
Unni Beate Grebstad
E-post: unni.grebstad@ssb.no
tlf.: 94 50 68 66