Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire barn får hjelp
I alt 34 350 barn tok imot tiltak frå barnevernet i fjor. Det er 1 050 fleire enn i 2001, ein auke på 3,2 prosent. Aldri har talet på barn med tiltak frå barnevernet vore så høgt.
Vel 6 550 barn var under omsorg av barnevernet i løpet av 2002, og av desse var 80 prosent plasserte i fosterheim. Dei andre hadde enten institusjonsplass eller andre omsorgstiltak utanfor heimen. Dei aller fleste av barna, åtte av ti, mottok berre hjelpetiltak, som til dømes besøksheim, barnehage eller støttekontakt.
26 350 barn med tiltak ved årsskiftet
Vel 26 350 barn tok imot barnevernstiltak ved utgangen av 2002. Dette er vel 450 fleire enn året før, og ein auke på 1,8 prosent. Dei aller fleste av desse barna, 20 850 barn, var registrerte med hjelpetiltak. Talet på barn med hjelpetiltak auka med 200 siste år, ein auke på 1,0 prosent. Per 31.12. var vel 5 500 barn under omsorg av barnevernet, jf. § 4-12 i lov om barneverntjenester. Av desse var langt dei fleste, om lag 4 700 barn, plasserte i fosterheim. Vel 500 barn var i barne- eller ungdomsheim og nær 300 barn i andre omsorgstiltak utanfor heimen ved utgangen av 2002.
Plassering som hjelpetiltak
Lov om barneverntjenester gjer det mogeleg å plassera barn utanfor heimen utan at fylkesnemnda fattar vedtak om å overta omsorg for barnet. Plasseringa kallast då eit hjelpetiltak. Tabellen under viser at talet på barn som er plasserte utanfor heimen utan at barnevernet har teke over omsorga etter § 4-12, har auka kvart år fram til 2001, men ikkje siste året. Frå 1993 har talet på barn plasserte i fosterheimar, som hjelpetiltak, auka frå vel 300 til vel 1 600 barn ved utgangen av år 2002. Tilsvarande har det vore ein auke av barn plasserte i barne- og ungdomsheimar som hjelpetiltak; frå omkring 150 barn ved utgangen av 1993, til nær 700 barn i 2002. Noko av den auken heng saman med at barn no kan ha tiltak fram til fylte 23 år. Ei plassering i fosterheim som omsorgstiltak, vil gå over til eit hjelpetiltak når barnet fyller 18 år. Ingen kan være under omsorg etter fylte 18 år. Mange av dei som har tiltak etter fylte 18 år, er unge som har fått forlenga ei fosterheim- eller institusjonsplassering.
Fleire barn under omsorg
Per 31.12.2002 var det i alt vel 5 500 barn under omsorg av barnevernet. Dette er 250 fleire enn ved utgangen av 2001, og ein auke på 4,8 prosent samanlikna med året før. Auken frå 2000 til 2001 var til samanlikning på 2,4 prosent.
Størst auke blant dei eldste
Sjølv om talet på barn med tiltak auka i alle aldersgruppene, er det blant "ettervernklientane", dei i aldersgruppa 18-22 år, ein finn den største prosentvise auken. Nær 2 000 unge i alderen 18-22 år tok imot barnevernstiltak ved utgangen av 2002, mot nær 1 800 unge året før. Det vil seia ein auke i talet på "ettervernklientar" på 5,5 mot 9 prosent året før. Ved utgangen av 2002 var tre av ti "ettervernklientar" (29 prosent) i fosterheim, og 17 prosent hadde plass i institusjon. I tillegg tok 13 prosent imot hjelp til bustad. Fire av ti i denne aldersgruppa (42 prosent) tok imot økonomisk hjelp frå barnevernet.
Store skilnader mellom fylka
Ved utgangen av 2002 var det, som året før, i gjennomsnitt 23 barn per 1 000 barn under 18 år som tok imot barnevernstiltak. Det er framleis store skilnader mellom fylka. Østfold ligg på topp med 29 klientar per 1 000 barn. Telemark ligg òg høgt med 27, og Finnmark hadde 26 klientar per 1 000 barn under 18 år. Til samanlikning hadde Akershus berre 17, og Sogn og Fjordane 20. Vestfold, Vest-Agder og Hordaland ligg òg lågt med 21 med tiltak per 1 000 barn.
Flest med tiltak i Stavanger
Av dei fire største byane var det Stavanger som hadde flest barn med tiltak i høve til barnebefolkninga. Ved utgangen av 2002 hadde 31 av 1 000 barn under 18 år i Stavanger barnevernstiltak. Tilsvarande tal i 2000 var 30. Oslo og Bergen hadde til samanlikning 24 barn med tiltak ved utgangen av 2002, og i Trondheim, som er den einaste av storbyane som ligg under landsgjennomsnittet, var det 21 barn per 1 000 barn under 18 år som tok imot tiltak frå barnevernet.
Barnevernsstatistikken blei lagt om frå 2001 til 2002. Det er no mogeleg for første gong å registrera tiltak som; skulefritidsordning (SFO), MST - multisystemisk behandling, og PMT - foreldreopplæring. Utvidinga frå 23 til 26 tiltakskategoriar har ført til nokre problem. Talet for poliklinisk psykiatrisk behandling (= det nye tiltak 23) er truleg for høgt, fordi fleire kommunar først fekk oppgradert fagsystemet sitt etter at rapporteringsåret starta. Talet på MST og PMT i løpet av året er derimot for låge samanlikna med tal rapportert frå fylkeskommunane for 2002. |
Barn plasserte i fosterheimar og barnevernsinstitusjonar på slutten av året, etter type tiltak. 1993-2002 |
år | Fosterheimar i alt | Fosterheimar (omsorg) | Fosterheimar (hjelpetiltak) | Barnevernsinstitusjonar i alt | Barnevernsinstitusjonar (omsorg) | Barnevernsinstitusjonar (hjelpetiltak) | |||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1993 | 4 952 | 4 641 | 311 | 748 | 583 | 165 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
1994 | 4 843 | 4 267 | 576 | 782 | 515 | 267 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
1995 | 4 959 | 4 216 | 743 | 787 | 428 | 359 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
1996 | 4 902 | 3 981 | 921 | 824 | 408 | 416 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
1997 | 5 118 | 4 055 | 1 063 | 788 | 357 | 431 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
1998 | 5 456 | 4 198 | 1 258 | 933 | 424 | 509 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
1999 | 5 664 | 4 277 | 1 387 | 1 011 | 438 | 573 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
2000 | 6 007 | 4 462 | 1 545 | 1 140 | 460 | 680 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
2001 | 6 159 | 4 551 | 1 608 | 1 225 | 482 | 743 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
2002 | 6 344 | 4 712 | 1 632 | 1 189 | 513 | 676 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Tabeller:
- Tabell 1 Barn med barnevernstiltak 31. desember, etter tiltak og fylke. 1987-2002
- Tabell 2 Barn med barnevernstiltak 31. desember, etter alder og tiltak. 2002
- Tabell 3 Barn med barnevernstiltak i løpet av året og på slutten av året, etter tiltak. Kommune. 2002
- Tabell 4 Barn med barnevernstiltak i løpet av året, på slutten av året og nye barn, etter tiltak og fylke. 1987-2002
- Tabell 5 Barn med barnevernstiltak i løpet av året, etter alder og tiltak. 2002
- Tabell 6 Barn med barnevernstiltak i løpet av året, på slutten av året og nye barn. Tal for kjønn og alder. Absolutte tal og per 1 000 barn 0-17 år. 1997-2002
- Tabell 7 Barn med barneverntiltak i løpet av året, etter tiltak og fylke. 1987-2002
- Tabell 8 Barn med barnevernstiltak i løpet av året og barn i befolkninga, etter alder og kommunestorleik. 2002 (Ny tabell 28.10.2003)
- Tabell 9 Nye barn med barnevernstiltak, etter alder og grunn til å setja i verk tiltak. 2002 (Ny tabell 28.10.2003)
- Tabell 10 Nye barn med barnevernstiltak, etter alder og tiltak. 2002 (Ny tabell 28.10.2003)
- Tabell 11 Nye barn med barnevernstiltak, etter alder og kven som tok opp saka. 2002 (Ny tabell 28.10.2003)
Kontakt
-
Tone Dyrhaug
E-post: tone.dyrhaug@ssb.no
tlf.: 40 90 24 20
-
Unni Beate Grebstad
E-post: unni.grebstad@ssb.no
tlf.: 94 50 68 66