Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
9 900 barn var nye i barnevernet siste år
I alt 37 650 barn og unge tok imot tiltak frå barnevernet i 2004. Det er nær 1 650 fleire enn året før, og ein auke på 4,5 prosent. 9 900 barn var nye i barnevernet siste år.
Dei aller fleste barn med tiltak, vel 30 750, tok berre imot hjelpetiltak, som til dømes besøksheim, økonomisk hjelp, barnehage eller støttekontakt. For nær 6 900 barn og unge hadde det offentlege teke over omsorgen etter vedtak i fylkesnemnda. Av barn under omsorg av barnevernet i 2004, var åtte av ti - 82 prosent - plasserte i fosterheim. Resten hadde anten plass i ein institusjon eller hadde andre omsorgstiltak utanfor heimen. Det er framleis noko fleire gutar enn jenter med barnevernstiltak, vel 20 400 gutar mot nær 17 200 jenter tok imot tiltak i 2004. Ser ein dette i høve til folketal var det i løpet av året 33 gutar mot 29 jenter med tiltak per 1 000 barn 0-17 år.
9 900 nye barn med tiltak
Sist år var det 9 900 nye barn med barnevernstiltak, mot nær 9 450 nye året før (tabell 9), ein auke på 4,8 prosent siste år. Av dei nye barna i barnevernet var det foreldra sjølve (mor/far) som i 24 prosent av sakene tok kontakt med barnevernet (tabell 10). Barneverntenesta stod sjølv bak 8 prosent av dei nye sakene. Skulen meldte frå om 10 prosent av barna, og politi og barnevernvakt stod kvar bak 6 prosent av sakene. Barnehage og naboar var registrert som meldingsinstans i 3 og 2 prosent av sakene. Ser vi på dei nær 2 900 nye barnevernsbarna som var i førskulealder, så var barnehagen meldingsinstans i 6 prosent av sakene.
Plassering som hjelpetiltak
Lov om barneverntjenester gjer det mogeleg å plassera barn utanfor heimen utan at fylkesnemnda fattar vedtak om å overta omsorg for barnet. Plasseringa kallast då eit hjelpetiltak. Tabellen under viser tal på barn med tiltak per 31. desember. Frå 1993 har talet på barn plasserte i fosterheimar, som hjelpetiltak, auka frå vel 300 til vel 1 850 barn ved utgangen av år 2004. Tilsvarande har det vore ein auke av barn plasserte i barne- og ungdomsheimar som hjelpetiltak - frå omkring 150 barn ved utgangen av 1993, til vel 700 barn i 2004. Noko av den auken heng saman med at barn no kan ha tiltak fram til fylte 23 år. Ei plassering i fosterheim som omsorgstiltak, vil gå over til eit hjelpetiltak når barnet fyller 18 år. Ingen kan være under omsorg etter fylte 18 år. Mange av dei som har tiltak etter fylte 18 år, er unge som har fått forlenga ei fosterheim- eller institusjonsplassering.
Barn plasserte i fosterheimar og barnevernsinstitusjonar på slutten av året, etter type tiltak. 1993-2004 |
år | Fosterheimar i alt |
Fosterheimar (omsorg) |
Fosterheimar (hjelpetiltak) |
Barneverns- institusjonar i alt |
Barneverns- institusjonar (omsorg) |
Barneverns- institusjonar (hjelpetiltak) |
|||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1993 | 4 952 | 4 641 | 311 | 748 | 583 | 165 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
1994 | 4 843 | 4 267 | 576 | 782 | 515 | 267 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
1995 | 4 959 | 4 216 | 743 | 787 | 428 | 359 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
1996 | 4 902 | 3 981 | 921 | 824 | 408 | 416 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
1997 | 5 118 | 4 055 | 1 063 | 788 | 357 | 431 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
1998 | 5 456 | 4 198 | 1 258 | 933 | 424 | 509 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
1999 | 5 664 | 4 277 | 1 387 | 1 011 | 438 | 573 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
2000 | 6 007 | 4 462 | 1 545 | 1 140 | 460 | 680 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
2001 | 6 159 | 4 551 | 1 608 | 1 225 | 482 | 743 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
2002 | 6 344 | 4 712 | 1 632 | 1 189 | 513 | 676 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
2003 | 6 697 | 4 926 | 1 771 | 1 301 | 568 | 733 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
2004 | 6 922 | 5 054 | 1 868 | 1 279 | 569 | 710 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
28 775 barn med tiltak per 31. desember
Ved utgangen av 2004 var det nær 28 800 barn registrert med barnevernstiltak . Dette er vel 1 400 fleire enn året før, og ein auke på 5,2 prosent. Dei aller fleste - åtte av ti - av desse barna, nær 22 950 barn, var registrerte med hjelpetiltak. Ved utgangen av året var det nær 1 300 fleire barn med hjelpetiltak enn året før, ein auke på 6,0 prosent. Per 31. desember var vel 5 800 barn under omsorg av barnevernet, jf § 4-12 i lov om barneverntjenester. Av desse var langt dei fleste - vel 5 050 barn - plasserte i fosterheim. Det var 133 fleire barn under omsorg per 31. desember 2004 enn ved utgangen av 2003. Det vil seia ein auke på 2.3 prosent siste år, mot ein auke på 3.3 prosent frå 2002 til 2003.
Størst auke i tenåringsgruppa
Talet på barn med tiltak auka i alle aldersgruppene under 18 år. Berre blant "ettervernklientane", dei i aldersgruppa 18-22 år, går talet litt ned samanlikna med fjoråret. Den største prosentvise auken finn ein blant dei yngste tenåringane i aldersgruppe 13-17 år. Her var det vel 9 450 unge med tiltak ved utgangen av 2004 mot vel 8 750 året før, ein auke på 8,0 prosent. Gruppa 6-12 år auka med 5,4 prosent, og dei i førskulealder - 0-5 år - hadde ein auke på 3,0 prosent samanlikna med året før. Framleis var det nær 2 150 unge i alderen 18-22 år som tok imot barnevernstiltak ved utgangen av 2004 (tabell 2). Tre av ti av desse "ettervernklientane" var i fosterheim, og 13 prosent hadde plass i institusjon. I tillegg tok 18 prosent imot hjelp til bustad. Fire av ti av klientane i alderen 18-22 år - 41 prosent - tok imot økonomisk hjelp frå barnevernet.
Store skilnader mellom fylka
Ved utgangen av 2004 var det i gjennomsnitt 25 barn per 1 000 barn under 18 år som tok imot barnevernstiltak mot 23 året før. Det er framleis store skilnader mellom fylka. Østfold, Finnmark og Buskerud ligg på topp, med 28 klientar per 1 000 barn. Telemark, Nordland, Troms og Møre og Romsdal ligg òg høgt med 27 klientar per 1 000 barn under 18 år. Til samanlikning hadde Akershus berre 19. Vestfold ligg òg lågt med 21 barn med tiltak per 1 000 barn. Størst auke siste år hadde Finnmark og Sogn og Fjordane, medan Hedmark var det einaste fylket med nedgang i klienttalet i høve til talet på barn under 18 år.
Flest med tiltak i Stavanger
Av dei fire største byane er det framleis Stavanger som har flest barn med tiltak i høve til barnebefolkninga. Ved utgangen av 2004 hadde 32 av 1 000 barn under 18 år i Stavanger barnevernstiltak. Oslo hadde til samanlikning 26 og i Trondheim og Bergen, som berre så vidt ligg over landsgjennomsnittet, var det 25 barn per 1 000 barn under 18 år som tok imot tiltak frå barnevernet ved utgangen av 2004.
1Nye barn tyder at ein ikkje var registrert i statistikken året før, men ein kan ha vore registret i 2002 eller tidlegare.
Tabeller:
- Tabell 1 Barn med barnevernstiltak 31. desember, etter tiltak og fylke. 1987-2004
- Tabell 2 Barn med barnevernstiltak 31. desember, etter alder og tiltak. 2004
- Tabell 3 Barn med barnevernstiltak i løpet av året og på slutten av året, etter tiltak. 2004. Kommune
- Tabell 4 Barn med barnevernstiltak i løpet av året, på slutten av året og nye barn, etter tiltak og fylke. 1987-2004
- Tabell 5 Barn med barnevernstiltak i løpet av året, etter alder og tiltak. 2004
- Tabell 6 Barn med barnevernstiltak i løpet av året, på slutten av året og nye barn. Tal for kjønn og alder. Absolutte tal og per 1 000 barn 0-17 år. 1997-2004
- Tabell 7 Barn med barneverntiltak i løpet av året, etter tiltak og fylke. 1987-2004
- Tabell 8 Nye barn med barnevernstiltak, etter alder og grunn til å setja i verk tiltak. 2004
- Tabell 9 Nye barn med barnevernstiltak, etter alder og tiltak. 2002-2004
- Tabell 10 Nye barn med barnevernstiltak, etter alder og kven som tok opp saka. 2004
Kontakt
-
Tone Dyrhaug
E-post: tone.dyrhaug@ssb.no
tlf.: 40 90 24 20
-
Unni Beate Grebstad
E-post: unni.grebstad@ssb.no
tlf.: 94 50 68 66