Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
11 700 nye barn med barnevernstiltak i 2007
Vel 42 600 barn og unge fekk hjelp frå barnevernet i løpet av 2007. Det er ein auke på 5,4 prosent i høve til året før. Av desse var 11 700 barn nye i barnevernet siste året, ein auke på over 13 prosent fra året før.
Dei aller fleste barn med tiltak, vel 34 900 eller 82 prosent, mottok berre hjelpetiltak, som til dømes økonomisk hjelp, besøksheim, barnehage eller støttekontakt.
Det offentlege hadde overteke omsorga for 7 710 barn og unge, eller 18 prosent av alle barn og unge med tiltak.
Det er framleis noko fleire gutar enn jenter i barnevernet. Vel 22 950 gutar, mot nær 19 650 jenter, tok imot tiltak i 2007. Av desse var 11 700 barn nye i barnevernet siste året. Med nye barn meines barn som ikkje var registrert i statistikken året før, men som kan ha vore registret i 2005 eller tidlegare.
Auke i alle aldersgruppene
Talet på barn med tiltak auka i alle aldersgruppene siste året, men dei yngste på 0-5 år hadde den største prosentvise auken med 6,2 prosent. Tiltak mot dei aller yngste av desse, barn i alderen 0-2 år, auka med 10 prosent samanlikna med året før. Verd å merke seg er at dette er ei lita gruppe. 2 618 barn under 3 år fikk hjelp frå barnevernet i 2007. For tenåringane i alderen 13-17 år var det vel 800 fleire som fekk hjelp frå barnevernet i 2007 enn i året før, ein auke på 6,0 prosent. Talet på ettervernsklientar, dei over 18 år, auka berre med 1,4 prosent. Ser ein alle aldersgruppene samla, var auken på 5,4 prosent fra året før.
Økonomisk hjelp og besøksheim mest vanlig
Ser ein bort fra samlekategorien andre tiltak var økonomisk hjelp og besøkshjem mest vanlig. Av alle barn som mottok tiltak frå barnevernet i 2007, fikk 29 prosent økonomisk hjelp. Økonomisk hjelp frå barnevernet kan til dømes være tilskott til ferie, skuletur, høgtider eller fritidstilbod. 25 prosent av barna med tiltak hadde besøksheim, mens fosterheim, barnehage, tilsyn og støttekontakt er andre tiltak som ofte blir nytta.
Heimebaserte tiltak som multisystemisk terapi (MST) og foreldrerettleiing ( PMTO) vart berre brukt i 2 prosent av tilfella der barnevernet hjelpte til. Ein kan likevel registrere ein auke i høve til i fjor. Multisystemisk terapi auka frå 696 mottakarar i 2006 til 767 siste året, og ligg no på same nivå som for to år sia. Nær 700 barn fekk foreldrerettleiing (PMTO) i 2007. Dette er om lag 100 fleire enn året før, og ein auke på 18 prosent.
Plassering som hjelpetiltakEtter lov om barneverntjenester frå 1993 er det mogleg å plassere barn utanfor heimen utan at fylkesnemnda vedtek å overta omsorga for barnet. Plasseringa blir då som eit hjelpetiltak. Berre vedtak etter barnevernloven § 4-12 i fylkesnemnda er lik omsorgsovertaking. Barn kan ha tiltak fram til fylte 23 år. Ei plassering i fosterheim som omsorgstiltak går over til å bli eit hjelpetiltak når barnet fyller 18 år. Ingen kan med andre ord være under omsorg etter fylte 18 år, men same tiltaket kan fortsetje etter fylte 18 år. Ei ny oversikt over barn med plasseringstiltak per 31.desember 2007 etter hjelpe- og omsorgstiltak finn ein i tabellane 8 og 9. |
32 700 barn med tiltak per 31. desember
Ved utgangen av 2007 var det registrert 32 700 barn med barnevernstiltak. Dette er 1 900 fleire enn året før, og ein vekst på 6,2 prosent. Åtte av ti av desse barna, 26 400 barn, var registrerte med berre hjelpetiltak. Ved utgangen av året var det vel 1 700 fleire barn med hjelpetiltak enn året før, ein auke på 7,0 prosent.
Per 31. desember var vel 6 300 barn under omsorg av barnevernet, jf § 4-12 i lov om barneverntjenester. Av desse var langt dei fleste, nær 5 550 barn, plasserte i fosterheim. Det var 181 fleire barn under omsorg per 31. desember 2007 enn ved utgangen av 2006. Det vil seie ein auke på 3,0 prosent siste året, mot 1,8 prosent auke frå 2005 til 2006.
I alt var 10 500 barn og unge plasserte utanfor familiane sine per 31. desember 2007. Dei fleste av desse - i alt vel 7 600 barn og unge - eller 73 prosent av alle plasserte, var i fosterheimar. Nær 1 400 barn hadde plass i barnevernsinstitusjon, og 200 var i andre behandlingsinstitusjonar. Vel 400 barn var i beredskapsheimar, og 900 hadde hybel eller bustad med oppfølging.
Store skilnader mellom fylka
Per 31. desember 2007 var det i gjennomsnitt 27,5 barn per 1 000 barn under 18 år som tok imot tiltak, mot 25,9 året før. Det er framleis store skilnader mellom fylka. Møre og Romsdal, Nordland og Telemark ligg framleis på topp med 32,5, 32,4 og 32,3 klientar per 1 000 barn. Alle dei tre nordligaste fylka ligg godt over landsgjennomsnittet. Til samanlikning hadde Akershus berre 20,9 tiltak per 1 000 barn, medan tilsvarande tal for Sogn og Fjordane var 24. Alle fylka, bortsett frå i Sør-Trøndelag, hadde auke i talet på barn med tiltak siste året. Størst var auken i Nord-Trøndelag og Oppland.
Flest med tiltak i Bergen
Av dei fire største byane er det no Bergen som har flest barn med tiltak i høve til barnebefolkninga, med Stavanger og Oslo på de neste plassane. Ved utgangen av 2007 hadde 29,6 per 1 000 barn under 18 år i Bergen barnevernstiltak, og 28,7 og 28,6 i Stavanger og Oslo. I Trondheim, som var den av storbyane med flest barn med tiltak i 2006, hadde berre 23,0 per 1 000 barn tiltak frå barnevernet ved utgangen av året, mot 27,9 året før.
Stor auke i talet på undersøkingar
Barnevernet starta i alt nær 25 100 undersøkingar i 2007, ein auke på 7 prosent samanlikna med året før.
Ser ein alle undersøkingane samla, førte om lag halvparten av dei som var avslutta i 2007, til tiltak etter lov om barneverntjenester, om lag same delen som året før
Foreldre/føresette melder frå i eitt av fem tilhøve
Det er foreldre/føresette som klart oftast melder frå til barnevernet. I meir enn 18 prosent av de påbyrja undersøkingane i 2007 tok foreldre/foresette kontakt. Skole og politi er også vanlege meldingsinstansar, begge stod for 12 prosent av meldingane. Like etter følgjer barnevernstenesta og barnevernsvakt, som stod bak høvesvis 10 og 7 prosent av undersøkingane. For de yngste barna er det kanskje barnehage, helsestasjon og lege/sjukehus som har eit godt utgangspunkt for å melde si bekymring til barnevernet. Desse instansane stod for mellom 4 og 6 prosent kvar.
Nytt av året er meldingsinstansane asylmottak/UDI, krisesenter, utekontakt/fritidsklubb, frivillige organisasjonar/idrettslag og andre offentlege instansar. Desse stod til saman bak vel 2 prosent av undersøkingane. Det kan tenkjast at nokre av desse feilaktig er kome med i kategorien ”andre” - som var registrert for meir enn 11 prosent av undersøkingane.
Innhaldet i meldinga
I nær kvar fjerde sak (23 prosent) var omsorgssvikt/mishandling kryssa av som grunn for undersøkinga. 17 prosent kom av åtferdsavvik hos barnet. I vel halvparten av undersøkingane (55 prosent) var tilhøva i heimen registrert som grunn. Sistnemnte er ein kategori der ein ser at familien har behov for litt hjelp og støtte utan at dette viser til ein meir alvorleg situasjon.
Tabeller:
- Tabell 1 Barn med barnevernstiltak i løpet av året og per 31. desember, etter tiltak. 2007. Kommune
- Tabell 2 Barn med barnevernstiltak i løpet av året, per 31. desember og nye barn, etter tiltak, region og fylke. 1987-2007
- Tabell 3 Barn med barnevernstiltak i løpet av året, per 31. desember og nye barn. Tal for kjønn og alder. Absolutte tal og per 1 000 barn 0-17 år. 1997-2007
- Tabell 4 Barn med barnevernstiltak i løpet av året, type tiltak, alder og kjønn 2007
- Tabell 5 Barn med barnevernstiltak i løpet av året, etter alder og tiltak. 2007
- Tabell 6 Barn med barnevernstiltak i løpet av året, etter kjønn og tiltak. 2007
- Tabell 7 Barn med barnevernstiltak per 31. desember, etter alder og tiltak. 2007
- Tabell 8 Barn med plasseringstiltak per 31. desember, etter alder og tiltak. 2007
- Tabell 9 Barn med plasseringstiltak per 31. desember, etter type plassering, hjelpe- og omsorgstiltak, region og fylke. 2007
- Tabell 10 Nye barn med barnevernstiltak, etter alder og grunn til å setja i verk tiltak. 2007 (Ny tabell ble lagt ut 22. september 2008)
- Tabell 11 Nye barn med barnevernstiltak, etter alder og tiltak. 2002-2007
- Tabell 12 Nye barn med barnevernstiltak, etter alder og kven som tok opp saka. 2007
- Tabell 13 Undersøkingssaker påbyrja og avslutta, etter konklusjon og kjønn, alder og fylke. 1993-2007
- Tabell 14 Undersøkingssaker påbyrja av barnevernet, etter innhaldet i meldinga og kven som melde saka. 1997-2007
- Tabell 15 Undersøkingssaker avslutta, etter behandlingstid og fylke.1997-2006
- Tabell 16 Undersøkingssaker avslutta, etter konklusjon og meldingsinstans. 2007
Kontakt
-
Tone Dyrhaug
E-post: tone.dyrhaug@ssb.no
tlf.: 40 90 24 20
-
Unni Beate Grebstad
E-post: unni.grebstad@ssb.no
tlf.: 94 50 68 66