Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire tilsette og fleire barn i barnevernet
52 100 barn og unge mottok tiltak frå barnevernet i 2011. Dette var nesten 5 prosent fleire enn året før. På same tid har talet på tilsette i barnevernet auka med heile 14 prosent på landsbasis.
Det var 2 300 fleire barn med barnevernstiltak i 2011 samanlikna med året før. Auken i barn med tiltak er noko lågare enn dei siste åra. Likevel har talet på tilsette i det kommunale barnevernet auka med 491 årsverk frå 2010 til totalt 4017 årsverk i 2011. Mykje av denne veksten på heile 14 prosent heng saman med øyremerka midlar frå staten til nye stillingar i det kommunale barnevernet.
8,8 milliardar til barnevern
Dei totale brutto driftsutgifter til det kommunale barnevernet auka med over 1 milliard kroner frå 2010 til 2011. Utgiftsveksten på 14 prosent er like stor som veksten frå 2009 til 2010. Mykje av oppgangen i utgiftene kan tilskrivast auken i lønnsutgiftene, som var på heile 21 prosent. Dette heng saman med at det no er fleire tilsette i barnevernet.
Frå melding via undersøking til tiltakEi barnevernssak startar ofte med ei melding til barnevernet, som snarast og innan ei veke må avgjera om dei skal setja i gang ei undersøking eller leggja bort meldinga. Ei undersøking skal snarast og innan tre månader konkludera om det skal setjast i verk barnevernstiltak, eller om ein skal leggja bort saka. Populasjonen i barnevernsstatistikken er barn inntil 23 år (jf. barnevernloven § 1-3) med undersøking og/eller tiltak. Meldingar blir ikkje registrerte av SSB. |
Fleire undersøkingar i 2011
I 2011 starta barnevernet i underkant av 35 100 undersøkingar. Dette er ein auke på nesten 7 prosent, eller vel 2 200 fleire undersøkingar enn i 2010. For barn mellom 0-17 år var det i 2011 omlag 31 med påbyrja undersøking per 1 000 barn.
Frå 2010 til 2011 var det ein auke i meldingar som førte til undersøking frå barnehage på meir enn 24 prosent. For sosialkontortenesta var tilsvarande auke nesten 22 prosent. I 2011 sto barnehage og sosialkontortenesta bak høvesvis 5 og 3 prosent av meldingane som førte til undersøking. Totalt sett var det likevel barnevernstenesta , skule , foreldra ( mor / far / føresette ) og politi / lensmann som oftast meldte. Dei stod til saman bak over halvparten av alle meldingane som førte til undersøking.
Lengst behandlingstid i Sogn og Fjordane
I heile landet var det i 2011 nesten 35 900 avslutta undersøkingar, og gjennomsnittleg tid for behandling av ei undersøking var 85 dagar. Det fylket med lengst gjennomsnittleg behandlingstid var Sogn og Fjordane med 101 dagar. Undersøkingar skal i følgje barnevernloven gjennomførast innan tre månader, men i særlege tilfelle kan barnevernet få utvida fristen til seks månader. I dei fem fylka, Finnmark, Nordland, Sogn og Fjordane, Nord-Trøndelag og Østfold, hadde meir enn 10 prosent av dei avslutta undersøkingssakene behandlingstid på meir enn seks månader.
Hjelpetiltaka dominerer
52 100 barn og unge mottok tiltak frå barnevernet i 2011, og nesten 84 prosent av desse barna mottok hjelpetiltak. Om lag 16 prosent mottok omsorgstiltak. Fordelinga mellom hjelpe- og omsorgstiltak har omtrent vore uendra dei siste åra.
Hjelpetiltak og omsorgstiltakBarnevernet kan berre overta omsorga for eit barn etter vedtak i fylkesnemnda (vedtak etter barnevernloven § 4-12). Det er også mogleg å plassere barn utanfor heimen utan å overta omsorga for barnet. Plasseringa blir då som eit hjelpetiltak. Hjelpetiltak som til dømes støttekontakt, barnehageplass, besøksheim, avlastingstiltak i heimen, plass i SFO med meir er vedtak fatta etter barnevernloven § 4-4. |
Høg bruk av omsorgstiltak i Finnmark
Ved utgangen av 2011 var det i Finnmark i overkant av 11 per 1 000 barn mellom 0-17 år som mottok omsorgstiltak frå barnevernet. Dette er mykje høgare enn landsgjennomsnittet, som er noko under 7 av 1 000 barn mellom 0-17 år. I den andre enden av skalaen ligg Sogn og Fjordane og Akershus, der vel 4 av 1 000 barn mellom 0-17 år hadde omsorgstiltak.
Vekst i ettervernet
Ettervern er det omgrepet barnevernet brukar om unge over 18 år som mottek tiltak. Alle tiltak dei mottek er då frivillige. Det var ein auke på over 12 prosent frå 2010 til 2011 i talet på unge i aldersgruppa 18-22 år med tiltak frå barnevernet, og i løpet av 2011 var det i overkant av 6 200 unge med ettervernstiltak.
Råd og rettleiing mest nytta tiltak
I løpet av 2011 vart det registrert til saman nærare 118 000 aktive barnevernstiltak. Det tiltaket som auka mest i bruk frå 2010 til 2011 var bustad med oppfølging , som gjekk opp med nesten 24 prosent. Likevel var det tiltaket råd og rettleiing som vart mest nytta, med heile 19 600 aktive tiltak i løpet av året. Det kjem fram at 38 prosent av alle barn med tiltak i løpet av 2011 fekk råd og rettleiing . Andre mykje brukte tiltak er besøksheim og økonomisk hjelp , som høvesvis 22 og 20 prosent av barna mottok.
Fleire gutar enn jenter i barnevernet
Det var i 2011, som i tidlegare år, fleire gutar enn jenter i barnevernet. 28 650 gutar, eller 55 prosent, mottok tiltak i løpet av 2011, mot 23 400 jenter. Blant dei nye barna i barnevernet ser ein òg om lag same kjønnsfordeling.
Meir enn kvart tredje barn var plassert utanfor familien
Ved utgangen av 2011 var omlag 38 000 barn registrert med barnevernstiltak. Dette er vel 700 barn, eller 2 prosent, fleire enn året før. Av barna med tiltak var 13 200 barn plassert utanfor familien, enten som hjelpe- eller omsorgstiltak. Det svarar til ein auke på vel 5 prosent frå utgangen av 2010.
Om lag 9 per 1 000 barn og unge mellom 0-22 år var såleis plassert. Fosterheimar sto for 7 av 10 plasseringar og var dermed den vanlegaste forma for plassering brukt av barnevernet.
Nye barn i barnevernet
I 2011 var det omlag 14 200 barn med tiltak som ikkje var registrert i barnevernet året før. Det er ein auke på i underkant av 4 prosent frå 2010. Om lag ein fjerdedel av alle barn som mottok barnevernstiltak i 2011 var nye barn. Tala viser at av dei nye barna mottok 97 prosent hjelpetiltak, og at bruken av omsorgstiltak har gått ned med nesten 15 prosent i perioden 2010 til 2011, frå 503 til 429 barn. Av dei nye barna mottok 47 prosent tiltaket råd og rettleiing frå barnevernet, men økonomisk hjelp og deltaking i ansvarsgruppe blei også brukt mykje. Begge tiltaka blei motteke av 13 prosent. For nesten 16 prosent av dei nye barna var det foreldra ( mor / far / føresette ) som tok opp saka med barnevernet, medan skule meldte frå i 14 prosent av sakene.
Meir interkommunalt samarbeid
Av 430 kommunar i Noreg var 161 kommunar, eller vel 37 prosent, organisert i eit interkommunalt samarbeid med vertskommune ved utgangen av 2011. Det er ein oppgang på nesten 6 prosentpoeng frå 2010. Til saman hadde 16 kommunar, eller 4 prosent, organisert barnevernstenesta si som ein del av NAV.
Vekst i talet på flyttingar
Det var registrert vel 2 600 barnevernsbarn som flytta i 2011, dette er 7 prosent høgare enn i 2010.
Av dei barna som flytta var det i underkant av 81 prosent som berre flytta ein gong i løpet av 2011. Barn i alderen 13-17 år sto for meir enn 42 prosent av flyttingane i 2011, og var dermed den aldersgruppa med flest flyttingar.
Kva er ei flytting?Kommunen registrerer flytting for alle barn i barnevernet med eitt eller fleire nye plasseringstiltak i statistikkåret, dersom det nye plasseringstiltaket har ført til flytting av barnet. Nokre barn flyttar frå heimen, medan andre flyttar frå beredskapsheim, fosterheim eller institusjon. |
2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Barn med barnevernstiltak i løpet av året | 42 625 | 44 167 | 46 487 | 49 781 | 52 098 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hjelpetiltak | 34 916 | 36 290 | 38 700 | 41 708 | 43 613 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Omsorgstiltak | 7 709 | 7 877 | 7 787 | 8 073 | 8 485 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Region Aust | 9 310 | 9 897 | 10 583 | 11 429 | 11 961 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Oslo | 4 640 | 4 882 | 5 185 | 5 539 | 5 526 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Region Sør | 8 550 | 8 786 | 9 049 | 10 200 | 11 045 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Region Vest | 8 844 | 9 068 | 9 533 | 9 835 | 10 058 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Region Midt-Noreg | 6 344 | 6 372 | 6 604 | 6 965 | 7 372 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Region Nord | 4 937 | 5 162 | 5 533 | 5 813 | 6 136 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Nye barn med barnevernstiltak | 11 730 | 11 760 | 12 767 | 13 727 | 14 241 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Plasserte barn på slutten av året | 10 515 | 10 847 | 11 355 | 12 492 | 13 177 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hjelpetiltak | 4 214 | 4 441 | 4 752 | 5 512 | 5 907 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Omsorgstiltak | 6 301 | 6 406 | 6 603 | 6 980 | 7 270 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Starta undersøkingar i løpet av året | 25 098 | 27 850 | 30 134 | 32 858 | 35 090 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Avslutta undersøkingar i løpet av året | 24 971 | 27 142 | 29 897 | 32 692 | 35 878 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Årsverk i barnevernet per 31.12 | 3 184 | 3 294 | 3 416 | 3 526 | 4 017 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fleksible tabellarVedleggstabellane som tidligare sto i artikkelen er flytta til Statistikkbanken . Dette er ei meir fleksibel løysning og du lagar i større grad tabellane slik du ynskjer sjølv. |
Kontakt
-
Tone Dyrhaug
E-post: tone.dyrhaug@ssb.no
tlf.: 40 90 24 20
-
Unni Beate Grebstad
E-post: unni.grebstad@ssb.no
tlf.: 94 50 68 66