Innhold
Om statistikken
Definisjoner
-
Navn og emne
-
Navn: Økonomisk sosialhjelp
Emne: Sosiale forhold og kriminalitet
-
Ansvarlig seksjon
-
Seksjon for helse-, omsorg- og sosialstatistikk
-
Definisjoner av viktige begrep og variabler
-
Sosialhjelpstilfelle og sosialhjelpsmottakarar
I statistikken skiljest det mellom begrepa sosialhjelpstilfelle og sosialhjelpsmottakar. Talet på sosialhjelpstilfelle vil alltid vere høgare enn talet på mottakarar. Dette fordi ein og same person kan ha teke imot hjelp i fleire kommunar, og han eller ho vert då talt som fleire sosialhjelpstilfelle. I familiar med to ektefelle er det vilkårleg kven som blir registrert som sosialhjelpsmottakar. I rettleiinga til korleis statistikkskjemaet skal fyllast ut, står det at den av ektefellane som søkjer sosialhjelp først, skal verte registrert som mottakar.
Økonomisk stønad
Både bidrag og lån utgjer til saman det vi kallar økonomisk stønad. Det er brutto utbetalt stønad i løpet av året som vert registrert. Refusjonar frå staten eller tilbakebetalingar av lån blir ikkje registrert i statistikken.
Utgifter til ulike sosiale teneste som opphald i institusjon, støttekontakt, avlasting m.m. skal ikkje bli registrert som økonomisk stønad. Det er berre kontantytingar som skal vere med i statistikken.
Viktigaste kjelde til livsopphald
Den inntektskjelda som er størst den siste månaden mottakaren tek imot sosialhjelp, blir definert som klienten si viktigaste kjelde til livsopphald.
-
Standard klassifikasjoner
-
Statistikken vert presentert etter mellom anna alder, familiefasar, kommune, fylke, kommunestorleik.
Denne siden oppdateres ikke lenger, se Økonomisk sosialhjelp, Årlig.