132018_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/camping/maaned
132018
Auka trafikk ved campingplassane
statistikk
2000-12-07T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
camping, CampingstatistikkReiseliv, Transport og reiseliv
false

Campingstatistikkoktober 2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auka trafikk ved campingplassane

Det var 177 000 overnattingar ved campingplassane i oktober i år. Dette er 6 00 fleire overnattingar enn i oktober i fjor. Utanlandstrafikken er om lag uendra, medan innanlandstrafikken auka med 4,0 prosent.

Nokre av dei store utanlandsmarknadene hadde trafikknedgang, medan andre hadde auke. Frå Sverige og Tyskland vart det registrert ein nedgang i trafikken, medan det frå Danmark og Storbritannia tvert imot vart registrert ein auke i trafikken.

Hittil i år

har det vore 6,94 millionar overnattingar ved campingplassane, om lag det same som i tilsvarande periode i fjor. Det er utanlandsmarknaden som har vist nedgang, medan innanlandsmarknaden derimot har vist ein auke.

Fleire plassar

I oktober 2000 var det 279 opne campingplassar. Dette var 10 fleire plassar enn i oktober i fjor. Talet på hytter/rom auka frå 4 651 hytter/rom i oktober i fjor til 4 793 i oktober i år.

Tabeller