Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Campingnedgang i mars
Det var 162 000 overnattingar ved campingplassane i mars 2001. Dette er ein nedgang på 9 000 overnattingar, eller 5,4 prosent, frå mars i fjor. Trafikken frå utlandet gikk opp med 17,1 prosent, medan innanlandstrafikken gikk ned med 8,8 prosent.
Av dei tre store utanlandsmarknadene i mars, auka Tyskland og Danmark med 86 og 22 prosent, medan det frå Sverige var nedgang i trafikken på 5 prosent.
Hittil i år
har det vore 389 000 overnattingar ved campingplassane, mot 424 000 overnattingar i tilsvarande periode i 2000. Både innanlands- og utanlandsmarknaden har gått ned.
Auke i talet på rom
I mars 2000 og 2001 var det 274 opne campingplassar. Talet på hytter/rom auka frå 4 577 hytter/rom i mars i fjor til 4 721 i mars i år.
Tabeller
- Tabell 1 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2001
- Tabell 2 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. Mars 2001
- Tabell 3 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. Januar-mars 2001
- Tabell 4 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Mars 2001
- Tabell 5 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-mars 2001
- Tabell 6 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2001
Statistikken publiseres nå sammen med Overnattingar.