Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Nedgang for campingplassane
Det var 471 000 overnattingar ved campingplassane i mai 2001. Dette er ein nedgang på 13 000 overnattingar, eller 2,7 prosent, samanlikna med mai i fjor. Innanlandstrafikken gjekk ned med 3,6 prosent, medan utanlandstrafikken auka med 2,9 prosent.
Alle dei store utanlandsmarknadene auka. Sverige auka mest med 19 prosent, medan trafikken frå Finland gjekk ned med 26 prosent.
Hittil i år
har det vore 1,15 millionar overnattingar ved campingplassane, mot 1,18 millionar overnattingar i tilsvarande periode i 2000. Både innanlands- og utanlandsmarknaden har gått ned.
Redusert kapasitet
I mai 2001 var det 577 opne campingplassar mot 588 plassar i mai 2000. Talet på hytter/rom gjekk ned frå 8 704 hytter/rom i mai i fjor til 8 487 i mai i år.
Tabeller
- Tabell 1 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2001
- Tabell 2 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. Mai 2001
- Tabell 3 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. Januar-mai 2001
- Tabell 4 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Mai 2001
- Tabell 5 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-mai 2001
- Tabell 6 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2001
Statistikken publiseres nå sammen med Overnattingar.