Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Auke for campingplassane
Det var 1,18 millionar overnattingar ved campingplassane i juni 2001. Dette er ein auke på 50 000 overnattingar, eller 4,4 prosent, samanlikna med juni i fjor. Innanlandstrafikken gjekk opp med 10,0 prosent, medan utanlandstrafikken derimot gjekk ned med 5,2 prosent.
Av dei tre største utanlandsmarknadene auka Nederland og Sverige med 3,6 prosent, medan trafikken frå Tyskland derimot gjekk ned med 12,1 prosent.
I første halvår i år
var det 2,33 millionar overnattingar ved campingplassane, mot 2,31 millionar overnattingar i første halvår i 2000. Innanlandsmarknaden auka med 2,3 prosent, medan utanlandsmarknaden gjekk ned med 4,0 prosent.
Redusert kapasitet
I juni 2001 var det 857 opne campingplassar mot 884 plassar i juni 2000. Talet på hytter/rom gjekk ned frå 12 642 hytter/rom i juni i fjor til 12 355 i juni i år.
Tabeller
- Tabell 1 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2001
- Tabell 2 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. Juni 2001
- Tabell 3 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. Januar-juni 2001
- Tabell 4 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Juni 2001
- Tabell 5 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-juni 2001
- Tabell 6 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2001
Statistikken publiseres nå sammen med Overnattingar.