Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Meir populært å campe i Østfold
Talet på campingovernattingar i Østfold auka med 27 prosent i juli 2001 samanlikna med året før. Innanlands- og utanlandstrafikken, totalt for landet, var derimot om lag uendra samanlikna med året før.
Av dei tre største utanlandsmarknadene auka Nederland med 6 prosent og Tyskland med 1,3 prosent, medan trafikken frå Sverige gjekk ned med 4,3 prosent.
Flest overnattingar i Oppland
I juli i år hadde Oppland flest overnattingar av alle fylka med 293 000. Nordland gjekk ned med 12 000 overnattingar eller 5,7 prosent. Størst auke hadde Østfold med 27 000 fleire overnattingar, eller med 27,2 prosent.
Hittil i år
har det vore 4,99 millionar overnattingar ved campingplassane, mot 4,98 millionar overnattingar tilsvarande periode i 2000. Innanlandsmarknaden auka med 1,2 prosent, medan utanlandsmarknaden gjekk ned med 1,7 prosent.
Redusert kapasitet
I juli 2001 var det 872 opne campingplassar mot 908 plassar i juli 2000. Talet på hytter/rom gjekk ned frå 12 962 hytter/rom i juli i fjor til 12 609 i juli i år.
Tabeller
- Tabell 1 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2001
- Tabell 2 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. Juli 2001
- Tabell 3 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. Januar-juli 2001
- Tabell 4 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Juli 2001
- Tabell 5 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-juli 2001
- Tabell 6 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2001
Statistikken publiseres nå sammen med Overnattingar.