Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Nedgang for campingplassane
Det var 1,37 millionar overnattingar ved norske campingplassar i august 2001, ein nedgang på 3 prosent samanlikna med august i fjor. Både innanlands- og utanlandstrafikken gjekk ned.
Av dei større utanlandsmarknadene auka Storbritannia med 35 prosent medan den aller største marknaden, Tyskland, gjekk ned med 7 prosent. Trafikken frå Sverige og Danmark var om lag uendra.
Hittil i år
har det vore 6,36 millionar overnattingar ved campingplassane, mot 6,39 millionar overnattingar i tilsvarande periode i fjor. Talet på overnattingar frå innanlandsmarknaden var om lag uendra, medan trafikken frå utanlandsmarknaden gjekk ned med 1,5 prosent samanlikna med same periode i fjor.
Av fylka
har Oppland hatt flest overnattingar hittil i år med 715 000. Dette er ein nedgang på 1 prosent frå i fjor. Buskerud har hatt størst auke med 8 prosent, medan Aust-Agder og Vestfold har auka med noko over 4 prosent. Rogaland har hatt størst nedgang med 11 prosent.
Redusert kapasitet
I august 2001 var det 851 opne campingplassar mot 892 plassar i august 2000. Talet på hytter/rom gjekk ned frå 12 774 hytter/rom i august i fjor til 12 447 i august i år.
Tabeller
- Tabell 1 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2001
- Tabell 2 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. August 2001
- Tabell 3 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. Januar-august 2001
- Tabell 4 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. August 2001
- Tabell 5 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-august 2001
- Tabell 6 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2001
Statistikken publiseres nå sammen med Overnattingar.