132042_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/camping/maaned
132042
Auke i utanlandstrafikken
statistikk
2001-11-08T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
camping, CampingstatistikkReiseliv, Transport og reiseliv
false

Campingstatistikkseptember 2001

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auke i utanlandstrafikken

Det var 79 000 utanlandske overnattingar ved norske campingplassar i september 2001, ein auke på om lag 5 prosent samanlikna med september i fjor. Innanlandstrafikken gjekk ned 4 prosent, medan det totale talet på overnattingar gjekk ned 2 prosent.

Av dei større utanlandsmarknadene auka talet på overnattingar frå Storbritannia med 56 prosent. Trafikken frå den aller største utanlandsmarknaden, Tyskland, var om lag uendra.

Hittil i år

har det vore 6,72 millionar overnattingar ved campingplassane, mot 6,76 millionar i tilsvarande periode i fjor. Talet på norske overnattingar har vore om lag uendra, medan trafikken frå utanlandsmarknaden gjekk ned med 1 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Av fylka

har Oppland hatt flest overnattingar hittil i år med 766 000. Dette er ein nedgang på 1 prosent frå i fjor. Buskerud har hatt størst auke med 8 prosent.

Kapasitet

I september 2001 var det 514 opne campingplassar mot 518 plassar i september 2000. Talet på hytter/rom har derimot auka, frå 7 897 i september i fjor til 7 937 i september i år.

Tabeller