Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Auka trafikk i november
Det var 135 000 overnattingar ved norske campingplassar i november 2001, ein auke på noko over 11 prosent samanlikna med november 2000. Utanlandstrafikken gjekk opp med 24 prosent, medan talet på norske overnattingar gjekk opp 10 prosent.
Trafikken frå den aller største utanlandsmarknaden i november 2001, Sverige, auka med 20 prosent. Trafikken frå Danmark gjekk ned med 54 prosent. Dei andre spesifiserte utanlandsmarknadene hadde auke i trafikken med unntak av Nederland som gjekk ned i talet på overnattingar.
Hittil i 2001
har det vore 7,01 millionar overnattingar ved campingplassane, mot 7,06 millionar overnattingar tilsvarande periode i 2000. Talet på norske og utanlandske overnattingar gjekk begge ned med om lag 1 prosent samanlikna med same periode i 2000.
Kapasitet
I november 2001 var det 245 opne campingplassar mot 254 plassar i november 2000. Talet på hytter/rom gjekk ned, frå 4 409 hytter/rom i november 2000 til 4 307 i november 2001.
Tabeller
- Tabell 1 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2001
- Tabell 2 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. November 2001
- Tabell 3 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. Januar-november 2001
- Tabell 4 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. November 2001
- Tabell 5 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-november 2001
- Tabell 6 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2001
Statistikken publiseres nå sammen med Overnattingar.