132048_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/camping/maaned
132048
Nordisk nedgang og stabilt Europa
statistikk
2002-02-08T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
camping, CampingstatistikkReiseliv, Transport og reiseliv
false

Campingstatistikkdesember 2001

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Nordisk nedgang og stabilt Europa

Trafikken frå dei nordiske landa, Sverige, Danmark og Finland, gjekk ned frå 544 000 overnattingar i 2000 til 522 000 overnattingar i 2001. Ein nedgang på 22 000 overnattingar eller 4 prosent. Talet på overnattingar frå resten av Europa var om lag uendra, eller 1, 5 millionar overnattingar både i 2000 og 2001.

Trafikken frå den aller største utanlandsmarknaden i 2001, Tyskland, gjekk ned med 4 prosent, medan trafikken frå den nest største utanlandsmarknaden, Nederland, auka med 3 prosent. Overnattingar frå både Storbritannia og Frankrike auka i 2001, med høvesvis 27 og 3 prosent i forhold til 2000.

I 2001

har det vore 7,12 millionar overnattingar ved campingplassane, mot 7,15 millionar overnattingar i 2000. Talet på norske overnattingar var om lag uendra, medan utanlandske overnattingar gjekk ned med om lag 1 prosent samanlikna med i 2000.

Lågare kapasitet

For heile året 2001 var det 890 campingplassar som hadde ope ein eller annan månad i 2001. Dette var 30 plassar færre enn i 2000. Talet på hytter var òg redusert frå 13 167 i 2000 til 12 828 i 2001.

I desember

auka talet på overnattingar frå 91 000 i desember 2000 til 113 000 i desember 2001. Innanlandstrafikken auka med 28 prosent, medan utanlandstrafikken tvert imot gjekk ned med nesten 3 prosent.

Færre plassar, høgare kapasitet

I desember 2001 var det 240 opne campingplassar mot 244 plassar i desember 2000. Talet på hytter/rom auka frå 4 120 i desember 2000 til 4 136 i desember 2001.

Tabeller