Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Over 100 000 overnattingar i januar
Det var 117 000 overnattingar ved campingplassane i januar 2002. Dette er ein auke på 19 000 overnattingar, eller om lag 20 prosent, samanlikna med januar i fjor. Både innanlands- og utanlandstrafikken auka med om lag 20 prosent.
Av dei spesifiserte utanlandsmarknadene i januar, auka Sverige med 63 prosent, medan det frå Danmark og Tyskland var ein nedgang i trafikken på 45 og 15 prosent. Nederland auka frå 68 overnattingar i fjor til 3 689 overnattingar i januar i år. Nesten heile auken var i Nordland fylke.
Færre plassar
I januar 2002 var det 231 opne campingplassar. Dette var ni færre plassar enn i januar i fjor. Talet på hytter/rom gjekk ned frå 4 015 i januar i fjor til 3 981 i januar i år.
Tabeller
Statistikken publiseres nå sammen med Overnattingar.