132052_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/camping/maaned
132052
Fleire svenske overnattingar
statistikk
2002-04-11T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
camping, CampingstatistikkReiseliv, Transport og reiseliv
false

Campingstatistikkfebruar 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Fleire svenske overnattingar

Det var 154 000 overnattingar ved campingplassane i februar i år. Dette er ein auke på 25 000 overnattingar, eller 19 prosent, samanlikna med februar i fjor. Trafikken frå utlandet gjekk ned med 20 prosent, medan innanlandstrafikken gjekk opp med 26 prosent.

Av dei tre store utanlandsmarknadene i februar, auka Sverige med 38 prosent, medan det frå Danmark og Tyskland var nedgang i trafikken på 38 og 31 prosent.

Hittil i år

Så langt i 2002 har det vore 271 000 overnattingar ved campingplassane, mot 227 000 overnattingar i tilsvarande periode i fjor. Innanlandsmarknaden auka med 23 prosent, medan utanlandsmarknaden gjekk ned med i underkant av 3 prosent.

Auke i hytter/rom

I februar 2002 var det 237 opne campingplassar, ein nedgang med seks plassar samanlikna med februar 2001. Talet på hytter/rom auka frå 4 095 i februar i fjor til 4 098 i februar i år.

Tabeller