Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Talet på norske overnattingar opp 72 prosent
Det var 258 000 overnattingar ved campingplassane i mars i år. Dette er ein auke på 59 prosent samanlikna med mars i fjor. Utanlandstrafikken gjekk ned med 4 prosent, medan innanlandstrafikken auka med 72 prosent.
Mye av auken skyltes påsketrafikken som i år var i mars, medan den i fjor var i april. Dei store vintersportsfylka Hedmark, Oppland, Buskerud, Telemark og Sør-Trøndelag auka mest.
Trafikken frå dei største utanlandsmarknadene i mars i år, Sverige, Danmark og Tyskland, gjekk alle ned med høvesvis 6, 33 og 12 prosent. Trafikken frå Storbritannia auka derimot.
Hittil i år
Så langt i år har det vore 529 000 overnattingar, ein auke på 36 prosent. Innanlandsmarknaden har auka med 43 prosent, medan utanlandstrafikken har gått ned med i underkant av 3 prosent.
Lågare kapasitet
Det var 265 opne campingplassar i mars i år. Desse hadde ein kapasitet på 4 606 hytter/rom. Tilsvarande tal for mars 2001 var 274 campingplassar og ein kapasitet på 4 721 hytter/rom.
Tabeller
- Tabell 1 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2002
- Tabell 2 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. Mars 2002
- Tabell 3 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. Januar-mars 2002
- Tabell 4 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Mars 2002
- Tabell 5 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-mars 2002
- Tabell 6 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2002
Statistikken publiseres nå sammen med Overnattingar.