189873_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/hyttegrend/maaned
189873
Nordmenn overnattar meir i hyttegrender
statistikk
2000-12-07T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
hyttegrend, HyttegrendReiseliv, Transport og reiseliv
false

Hyttegrendoktober 2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Nordmenn overnattar meir i hyttegrender

Norske hyttegrender hadde i november i år 9 100 overnattingar. Dette er ein oppgang på 17,5 prosent samanlikna med november i fjor. Innanlandstrafikken auka med 22,1 prosent, medan utanlandstrafikken derimot gjekk ned med 7,6 prosent.

 

Trafikken for den desidert største utanlandsmarknaden i november, Sverige, gjekk ned med 68,5 prosent samanlikna med november 1999. Også frå Tyskland var det stor prosentvis nedgang.

 

Hittil i år

har det vore 387 000 overnattingar, ein auke i trafikken samanlikna med same periode i fjor på 6,6 prosent. Både frå innanlands- og utanlandsmarknaden har det vore trafikkauke, med høvesvis 9,1 og 4,5 prosent.

 

Auke i kapasiteten

Det var 105 opne hyttegrender i november 2000, med ein kapasitet på 852 hytter/rom. Tilsvarande tal for november 1999 var 91 hyttegrender med ein kapasitet på 752 hytter/rom.

 

Tabeller