Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Nordmenn overnattar meir i hyttegrender
Norske hyttegrender hadde i november i år 9 100 overnattingar. Dette er ein oppgang på 17,5 prosent samanlikna med november i fjor. Innanlandstrafikken auka med 22,1 prosent, medan utanlandstrafikken derimot gjekk ned med 7,6 prosent.
Trafikken for den desidert største utanlandsmarknaden i november, Sverige, gjekk ned med 68,5 prosent samanlikna med november 1999. Også frå Tyskland var det stor prosentvis nedgang.
Hittil i år
har det vore 387 000 overnattingar, ein auke i trafikken samanlikna med same periode i fjor på 6,6 prosent. Både frå innanlands- og utanlandsmarknaden har det vore trafikkauke, med høvesvis 9,1 og 4,5 prosent.
Auke i kapasiteten
Det var 105 opne hyttegrender i november 2000, med ein kapasitet på 852 hytter/rom. Tilsvarande tal for november 1999 var 91 hyttegrender med ein kapasitet på 752 hytter/rom.
Tabeller
- Tabell 1 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2000
- Tabell 2 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. November 2000
- Tabell 3 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. Januar-november 2000
Statistikken publiseres nå sammen med Overnattingar.