185764_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/hyttegrend/maaned
185764
Auke i 2000
statistikk
2001-02-07T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
hyttegrend, HyttegrendReiseliv, Transport og reiseliv
false

Hyttegrenddesember 2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auke i 2000

Norske hyttegrender hadde 401 000 overnattingar i 2000. Dette er ein oppgang på 6 prosent samanlikna med 1999. Både innanlands- og utanlandstrafikken auka med høvesvis 8 og 4 prosent.

 

Trafikken frå den desidert største utanlandsmarknaden i 2000, Tyskland, gjekk ned med 2 prosent samanlikna med 1999. Også Sverige gjekk ned. Dei to andre store marknadene, Danmark og Nederland, gjekk derimot opp.

 

Desember

I desember var det 14 700 overnattingar, ein nedgang i trafikken samanlikna med desember 1999 på 9 prosent. Både innanlands- og utanlandsmarknaden gjekk ned, med høvesvis 7 og 12 prosent.

 

Auke i kapasiteten

Det var 108 opne hyttegrender i desember 2000 med ein kapasitet på 862 hytter/rom. Tilsvarande tal for desember 1999 var 95 hyttegrender med ein kapasitet på 792 hytter/rom.

 

Tabeller