Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Auke for hyttegrendene
Norske hyttegrender hadde 26 000 overnattingar i mai 2001. Dette er ein auke på 16 prosent samanlikna med mai i fjor. Utanlandstrafikken auka med 18 prosent medan innanlandstrafikken auka med 12,8 prosent.
Av alle dei største utanlandsmarknadene auka Nederland mest med 188 prosent, medan Sverige gjekk ned med 6,4 prosent samanlikna med mai 2000.
Hittil i år
har det vore 145 000 overnattingar, ein auke i trafikken på 2,2 prosent. Innanlandstrafikken har auka, medan utanlandstrafikken har gått ned.
Auke i kapasiteten
Det var 178 opne hyttegrender i mai 2001, med ein kapasitet på 1 337 hytter/rom. Tilsvarande tal for mai 2000 var 147 hyttegrender med ein kapasitet på 1 117 hytter/rom.
Tabeller
- Tabell 1 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2001
- Tabell 2 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. Mai 2001
- Tabell 3 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. Januar-mai 2001
Statistikken publiseres nå sammen med Overnattingar.