171598_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/hyttegrend/maaned
171598
Auke for hyttegrendene
statistikk
2001-08-14T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
hyttegrend, HyttegrendReiseliv, Transport og reiseliv
false

Hyttegrendjuni 2001

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auke for hyttegrendene

Norske hyttegrender hadde 52 000 overnattingar i juni 2001. Dette er ein auke på 24,4 prosent samanlikna med juni i fjor. Innanlandstrafikken auka med 33,2 prosent, medan utanlandstrafikken steig med 18,0 prosent.

 

Dei to største utanlandsmarknadene auka i juni. Den nederlandske marknaden auka med 126 prosent, medan den tyske auka med 13,8 prosent. Danmark og Sverige, som står for dei tredje og fjerde største marknadene, gjekk ned med høvesvis 25,9 og 7,1 prosent samanlikna med juni 2000.

 

Auke hittil i år

Så langt har det vore 197 000 overnattingar, ein auke i hyttetrafikken på 7,3 prosent. Både innanlands- og utanlandstrafikken har auka.

 

Betre kapasitet

Det var 215 opne hyttegrender i juni 2001, med ein kapasitet på 1 582 hytter/rom. Tilsvarande tal for juni 2000 var 185 hyttegrender med ein kapasitet på 1 338 hytter/rom.

 

 

Tabeller