171611_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/hyttegrend/maaned
171611
Over 100 000 overnattingar
statistikk
2001-09-14T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
hyttegrend, HyttegrendReiseliv, Transport og reiseliv
false

Hyttegrendjuli 2001

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Over 100 000 overnattingar

Norske hyttegrender hadde 101 000 overnattingar i juli 2001. Dette er ein auke på 23 prosent samanlikna med juli i fjor. Innanlandstrafikken auka med 11,4 prosent, medan utanlandstrafikken steig med 29 prosent.

 

Alle dei spesifiserte utanlandsmarknadene i juli auka. Nederland auka med 98 prosent, medan Tyskland auka med 17,8 prosent. Sverige og Danmark, som er den tredje og fjerde største marknaden, gjekk opp med høvesvis 27,1 og 6,4 prosent samanlikna med juli 2000.

 

Sogn og Fjordane

I Sogn og Fjordane har trafikken i juli 2001 auka med 93 prosent, frå 16 000 til 30 000 overnattingar. Tyske overnattingar var 11 000 eller 37 prosent av overnattingane i fylket. Det var fleire tyske overnattingar i Sogn og Fjordane i juli enn nest største fylke hadde i totale overnattingar.Nederland auka trafikken med 98 prosent frå juli 2000 til juli 2001.

 

Hittil i år

har det vore 298 000 overnattingar, ein auke i trafikken på 11,4 prosent. Både innanlands- og utanlandstrafikken har auka med høvesvis 12,7 og 10,3 prosent.

 

Auke i kapasiteten

Det var 223 opne hyttegrender i juli 2001, med ein kapasitet på 1 640 hytter/rom. Tilsvarande tal for juli 2000 var 193 hyttegrender med ein kapasitet på 1 396 hytter/rom.

 

Tabeller