171595_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/hyttegrend/maaned
171595
Auke for hyttegrendene
statistikk
2001-10-09T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
hyttegrend, HyttegrendReiseliv, Transport og reiseliv
false

Hyttegrendaugust 2001

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auke for hyttegrendene

Talet på hytteovernattingar auka frå 61 000 overnattingar i august i fjor til 73 000 i august i år, ein auke på 19 prosent. Både innanlands- og utanlandstrafikken auka.

 

Auke i utanlandsmarknaden

Alle dei spesifiserte utanlandsmarknadene i august auka med unntak av Danmark som gjekk ned med 25 prosent. Nederland auka med 113 prosent, Tyskland med 14 prosent, medan Sverige og Storbritannia gjekk opp med høvesvis 24 og 119 prosent samanlikna med august 2000.

 

Hittil i år

har det vore 371 000 overnattingar, ein auke i trafikken på 13 prosent. Både innanlands- og utanlandstrafikken har auka, med høvesvis 12 og 13 prosent.

 

Auke i kapasiteten

Det var 227 opne hyttegrender i august 2001, med ein kapasitet på 1 670 hytter/rom. Tilsvarande tal for august 2000 var 191 hyttegrender med ein kapasitet på 1 387 hytter/rom.

 

Tabeller