Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Auke for hyttegrendene
Norske hyttegrender hadde 10 000 overnattingar i november 2001, ein auka på litt under 10 prosent samanlikna med november 2000. Innanlandstrafikken auka med noko under 3 prosent medan utanlandstrafikken auka med 60 prosent.
Dei tre største spesifiserte utanlandsmarknadene i november, Tyskland, Sverige og Danmark, hadde ein auke i trafikken i høve til november 2000.
Hittil i 2001
har det vore 439 000 overnattingar, ein auke på 14 prosent. Både innanlands- og utanlandstrafikken har auka, med høvesvis 10 og 17 prosent.
Auke i kapasiteten
Det var 108 opne hyttegrender i november 2001, med ein kapasitet på 924 hytter/rom. Tilsvarande tal for november 2000 var 105 hyttegrender med ein kapasitet på 852 hytter/rom.
Tabeller
Statistikken publiseres nå sammen med Overnattingar.