Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Auke for hyttegrendene
I 2001 hadde norske hyttegrender 458 000 overnattingar. Dette er ein oppgang på 14 prosent samanlikna med 2000. Både innanlands- og utanlandstrafikken auka, med 11 og 18 prosent.
Auke i trafikken frå Tyskland
Trafikken frå den desidert største utanlandsmarknaden i 2001, Tyskland, auka med 13 prosent samanlikna med 2000. Trafikken frå Nederland auka med 107 prosent, medan trafikken frå Danmark derimot gjekk ned med 7 prosent.
I desember
var det 19 000 overnattingar, ein auke i trafikken samanlikna med desember i 2000 på 29 prosent. Både innanlands- og utanlandsmarknaden auka, med høvesvis 17 og 44 prosent.
Auke i kapasiteten
Det var 113 opne hyttegrender i desember 2001, med ein kapasitet på 1 005 hytter/rom. Tilsvarande tal for desember 2000 var 108 hyttegrender med ein kapasitet på 862 hytter/rom.
Tabeller
Statistikken publiseres nå sammen med Overnattingar.