Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Fleire overnattingar hittil i år
I april 2002 var det 26 000 overnattingar ved norske hyttegrender. Det er ein nedgang på 22 prosent samanlikna med april 2001. Men hittil i år har overnattingane auka med 9 prosent.
Nedgangen i april er størst i innanlandstrafikken, der det er 33 prosent færre overnattingar. Utanlandstrafikken samla sett er rimeleg stabil med ein nedgang på 3 prosent.
Ein stor del av nedgangen i april kan kome av at påsken var i mars i år, medan den var i april i fjor.
Hittil i år
auka talet på overnattingar ved norske hyttegrender med 9 prosent. Innanlandsmarknaden auka med 5 prosent, medan utanlandsmarknaden auka med 12 prosent. Auka var størst blant gjestar frå Storbritannia, men talet på overnattingar av nederlandske, tyske og danske gjestar auka også.
Stabil kapasitet
I april 2002 var 145 opne hyttegrender med ein kapasitet på 1 195 hytter/rom. I april 2001 var det 150 opne hyttegrender med 1 191 opne hytter/rom.
Tabeller
Statistikken publiseres nå sammen med Overnattingar.