Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
10 prosent meir trafikk frå Tyskland
I mai 2002 var det 28 000 overnattingar ved norske hyttegrender. Det er ein auke på 10 prosent samanlikna med mai 2001. Det var auke både i innanlandstrafikken og i utanlandstrafikken, med 14 og 7 prosent.
Tyskland, som denne månaden hadde to tredjedelar av utanlandstrafikken, auka med 10 prosent.
Hittil i år
har talet overnattingar ved norske hyttegrender auka med 9 prosent. Innanlandsmarknaden auka med 7 prosent, medan utanlandsmarknaden auka med 11 prosent. Auken var størst blant gjester frå Tyskland.
Stabil kapasitet
I mai 2002 var det 175 opne hyttegrender med ein kapasitet på 1 321 hytter/rom. I mai 2001 var det 178 opne hyttegrender med 1 337 opne hytter/rom.
Tabeller
Statistikken publiseres nå sammen med Overnattingar.