Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre utanlandske overnattingar
Det var 5,20 millionar overnattingar ved kommersielle norske overnattingsstader i juli i år. Det er 1 prosent færre enn i juli i fjor. Innanlandstrafikken var om lag uendra, medan utanlandstrafikken gjekk ned med nesten 3 prosent.
Statistisk sentralbyrå har lagt om presentasjonen av overnattingstatistikkane. I samband med publiseringa av camping og hyttegrend, vil vi heretter gi ei samla oversikt over den kommersielle overnattingstrafikken. Oversikta omfattar hotell, campingplassar, hyttegrender og medlemsbedrifter i Norske Vandrerhjem.
Tyskarane svikta i juli
Trafikken frå den største utanlandske marknaden i juli, Tyskland, gjekk ned med 7 prosent samanlikna med juli i fjor. Tyskarane svikta særleg hotella og til dels campingplassane.
Nederland var den nest største marknaden i juli. Talet på overnattingar frå Nederland auka med 2 prosent samanlikna med juli i fjor.
Frå Sverige var det ein nedgang på 9 prosent jamført med juli i fjor. Orsaka er færre hotell- og campingovernattingar. Frå Danmark var det ein nedgang på 1 prosent. Danskane hadde noka færre overnattingar i hotell, camping og i medlemsbedrifter av Norske Vandrerhjem, som nesten blei kompensert ved fleire overnattingar i hyttegrender.
Campingtrafikken har store sesongvariasjonar, med juli som den store "campingmånaden". Om lag 51 prosent av overnattingane i juli var ved campingplassar, medan 45 prosent var ved hotell. Hyttegrender og medlemsbedrifter i Norske Vandrerhjem stod for litt over 3 prosent.
Hittil i år er derimot bare 33 prosent av overnattingane ved campingplassar, medan 64 prosent av overnattingane er ved hotell.
Etter dei sju første månadene i år, har det vore 15,64 millionar overnattingar ved dei kommersielle overnattingsstadene våre. Det er om lag det same som i fjor. Talet på overnattingar frå utlandet var om lag uendra, medan talet på overnattingar frå Noreg auka med nesten 1 prosent.
Auke for camping
Campingplassane hadde 2,68 millionar overnattingar i juli. Dette var ein auke på 0,6 prosent. Norske overnattingar auka med 2 prosent, medan talet på utanlandske overnattingar gjekk ned med nesten 3 prosent.
Til og med juli i år har campingplassane hatt 5,13 millionar overnattingar, ein auke på 3 prosent. Talet på overnattingar både frå Noreg og utlandet auka, med høvesvis 3 og 1 prosent samanlikna med same periode i fjor.
Nedgang for hyttegrendene i juli
Hyttegrendene hadde 100 000 overnattingar i juli, ein nedgang på 1 prosent samanlikna med juli i fjor. Nedgang frå den norske marknaden er berre delvis blitt kompensert med auke frå den utanlandske marknaden.
Hittil år har det vore 313 000 overnattingar på norske hyttegrender, ein auke på over 5 prosent frå i fjor. Talet på norske overnattingar har gått ned med 2 prosent, medan talet på utanlandske overnattingar har auka med over 11 prosent. Det har vore stor trafikkauke frå Danmark og Tyskland.
Tabeller:
- Tabell 1 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2002
- Tabell 2 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. Juli 2002
- Tabell 3 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. Januar-juli 2002
- Tabell 4 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Juli 2002
- Tabell 5 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-juli 2002
- Tabell 6 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2002
- Tabell 7 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2002
- Tabell 8 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. Juli 2002
- Tabell 9 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. Januar-juli 2002
- Tabell 10 Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Juli 2002
- Tabell 11 Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-juli 2002
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54