Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire overnattingar i august
Det var 3,55 millionar overnattingar ved kommersielle norske overnattingsstader i august i år. Det er 2 prosent fleire enn i august i fjor. Innanlandstrafikken auka med 5 prosent, medan utanlandstrafikken gjekk ned med 2 prosent.
Trafikken frå den desidert største utanlandske marknaden i august, Tyskland, auka med 1 prosent samanlikna med august i fjor. Tyskarane auka på campingplassane.
Nederland var den nest største marknaden i august. Talet på overnattingar frå Nederland gjekk ned med 9 prosent samanlikna med august i fjor. Den svenske marknaden gjekk ned med 11 prosent, medan den danske marknaden gjekk ned med berre 1 prosent. Det var først og fremst færre svenske og danske overnattingar på hotell.
Etter årets åtte første månader, har det vore 19,22 millionar overnattingar ved dei kommersielle overnattingsstadene. Det er 0,8 prosent fleire enn i fjor. Talet på overnattingar frå utlandet gjekk ned med 0,6 prosent, medan talet på overnattingar frå Noreg auka med 1,4 prosent.
Store sesongvariasjonar
Både camping- og hyttegrendtrafikken har store sesongvariasjonar, med august som den nest største "månaden". Blant anna fell 73 prosent av campingovernattingane på årsbasis i sommarmånadene juni til august.
I august var 42 prosent av dei totale overnattingane i august ved campingplassar, medan 54 prosent var ved hotell. Hyttegrender og medlemsbedrifter i Norske Vandrerhjem stod for om lag 2 prosent av overnattingane i august.
Stor auke for camping
Campingplassane hadde 1,50 millionar overnattingar i august. Dette er ein auke på 10 prosent frå august i fjor. Norske overnattingar auka med 14 prosent, medan talet på utanlandske overnattingar auka med 4 prosent.
Til og med august i år, har campingplassane hatt 6,63 millionar overnattingar, ein auke på 4 prosent. Talet på overnattingar frå Noreg auka med 5 prosent, medan auken frå utlandet var på 2 prosent.
Auke også for hyttegrendene
Hyttegrendene hadde 75 000 overnattingar i august, 4 prosent fleire enn august i fjor. Den norske marknaden gjekk opp med 12 prosent, medan talet på utanlandske overnattingar var om lag uendra.
Hittil år har det vore 389 000 overnattingar på norske hyttegrender, ein auke på nesten 5 prosent frå i fjor. Talet på norske overnattingar var om lag uendra, medan talet på utanlandske overnattingar auka med 9 prosent. Det har vore stor trafikkauke spesielt frå Danmark.
Omlegging
Statistisk sentralbyrå har frå og med juli 2002 lagt om presentasjonen av overnattingsstatistikkane. I samband med publiseringa av camping- og hyttegrendstatistikkane, vil vi gi ein samla oversikt over den kommersielle overnattingstrafikken. Oversikta omfattar hotell, campingplassar, hyttegrender og medlemsbedrifter i Norske Vandrerhjem.
Tabeller:
- Tabell 1 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2002
- Tabell 2 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. August 2002
- Tabell 3 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. Januar-august 2002
- Tabell 4 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. August 2002
- Tabell 5 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-august 2002
- Tabell 6 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2002
- Tabell 7 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2002
- Tabell 8 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. August 2002
- Tabell 9 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og fylke. Januar-august 2002
- Tabell 10 Overnattingar, etter gjestenes nasjonalitet og bedriftsgruppe. August 2002
- Tabell 11 Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-august 2002
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54