14542_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14542
Liten auke i talet på overnattingar
statistikk
2002-11-08T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarseptember 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Liten auke i talet på overnattingar

Det var 0,8 prosent fleire overnattingar ved kommersielle norske overnattingsstader i september i år enn i september i fjor. Samla tal på overnattingar i september månad var 1,79 millionar. Både talet på overnattingar frå Noreg og frå utlandet auka med i underkant av 1 prosent.

Tyskland var den absolutt største utanlandsmarknaden i september med 78 000 overnattingar. Talet på tyske overnattingar steig med 3 prosent samanlikna med september i 2001. Og som for august, var det særleg på campingplassane at auken kom.

Sverige er den nest største marknaden i september med 58 000 overnattingar. Talet på svenske overnattingar gjekk ned med 4 prosent. Det var nedgang for alle overnattingsformer med unntak av hyttegrender, der talet på svenske overnattingar auka med heile 38 prosent, til 2 200 overnattingar.

Etter årets ni første månader, har det vore 20,98 millionar overnattingar ved dei kommersielle overnattingsstadene i Noreg, 0,7 prosent fleire enn i fjor. Talet på utanlandske overnattingar blei redusert med 0,7 prosent, medan talet på norske overnattingar auka med 1,3 prosent.

Hotella dominerer

I september var tre fjerdedelar hotellovernattingar. Campingplassar stod for 23 prosent av det totale talet på overnattingar, medan hyttegrender og medlemsbedrifter i Norske Vandrerhjem til saman stod for om lag 2 prosent av overnattingane denne månaden.

Overnattingar, etter overnattingstype. September 2002

Overnattingar, etter overnattingstype. Januar-september 2002

Stor auke for camping

Ved campingplassane var det 404 000 overnattingar i september, ein auke på 13 prosent frå september 2001. Talet på norske overnattingar gjekk opp med 14 prosent, medan talet på dei utanlandske steig med 8 prosent.

Til og med september i år, har campingplassane hatt 7,04 millionar overnattingar, ein auke på 5 prosent. Talet på norske overnattingar auka med 6 prosent, medan det var 2 prosent fleire frå utlandet.

Auke også for hyttegrendene

Hyttegrendene hadde 41 000 overnattingar i september, 9 prosent fleire enn i september i fjor. Den norske marknaden styrka seg med 12 prosent, medan talet på den utanlandske auka med 6 prosent.

Hittil år har det vore 429 000 overnattingar ved norske hyttegrender, ein auke på over 5 prosent frå i fjor. Talet på norske overnattingar har auka med 1 prosent, medan talet på utanlandske overnattingar gjekk opp med 8 prosent.

Tabeller: