Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Litt fleire overnattingar i 2002
Talet på overnattingar ved kommersielle norske overnattingsstader auka med 0,2 prosent i 2002 samanlikna med 2001, frå 24,33 millionar overnattingar i 2001 til 24,38 millionar i 2002. Den norske marknaden auka med 0,6 prosent, medan talet på overnattingar frå utlandet gjekk ned med 0,6 prosent.
Det var auke ved campingplassane og hyttegrendene, medan overnattingstrafikken ved hotell og vandrarheimar derimot gjekk ned. Talet på overnattingar ved campingplassane og hyttegrendene auka med høvesvis 3,7 og 5,2 prosent. Det var auke både i innanlands- og utanlandstrafikken.
Talet på hotellovernattingar gjekk ned med 1,4 prosent, med nedgang både i innanlands- og utanlandstrafikken. Overnattingstrafikken ved vandrarheimane gjekk ned med 2,5 prosent, der nordmennene svikta og utlendingane auka.
Færre tyske og danske overnattingar
Tyskland var den absolutt største utanlandsmarknaden i 2002 med nesten 1,7 millionar overnattingar. Talet på tyske overnattingar gjekk ned med 1,7 prosent samanlikna med året før. Talet på tyske hotellovernattingar gjekk ned, dei tyske hyttegrendovernattingane var uendra, medan overnattingane ved campingplassar og vandrarheimar auka i 2002.
Det var fleire tyske overnattingar ved campingplassane enn ved hotella i 2002. Fordelinga mellom dei ulike overnattingstypane vises i figuren.
Danmark var den nest største marknaden i 2002 med 997 000 overnattingar. Talet på danske overnattingar gjekk ned med 3 prosent. Danskane svikta hotella, medan "dansketrafikken" auka ved dei andre overnattingsformene.
Nesten tre fjerdedelar av overnattingane frå Danmark var hotellovernattingar, medan 18 prosent var overnattingar på campingplassar.
Hotella dominerer
Av totalt 24,38 millionar overnattingar var 16,19 millionar hotellovernattingar. Hotella hadde med dette ganske nøyaktig to tredjedelar av den totale overnattingstrafikken i 2002. Campingplassane stod for 30 prosent, medan hyttegrendene og medlemsbedrifter i Norske Vandrerhjem til saman stod for 3 prosent av det totale talet på overnattingar.
I desember er det relativt liten overnattingstrafikk, spesielt ved campingplassane og hyttegrendene. Hotella er vanlegvis meir dominerande i desember enn i heile året sett under eitt. I desember 2002 hadde hotella 87 prosent av overnattingane, medan campingplassane hadde 10 prosent. Hyttegrender og medlemsbedrifter i Norske Vandrerhjem stod for til saman om lag 3 prosent av overnattingane.
Nedgang for camping og hyttegrender i desember
Campingplassane hadde 89 000 overnattingar i desember 2002. Dette er ein nedgang på 21 prosent frå same månad året før. Både norske og utanlandske overnattingar gjekk ned. Hyttegrendene hadde 18 000 overnattingar i desember 2002, 8 prosent færre enn i same månad i 2001. Den norske marknaden styrka seg med 13 prosent, medan talet på utanlandske overnattingar gjekk ned med 29 prosent.
Tabeller:
- Tabell 1 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2002
- Tabell 2 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Desember 2002
- Tabell 3 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-desember 2002
- Tabell 4 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Desember 2002
- Tabell 5 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-desember 2002
- Tabell 6 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2002
- Tabell 7 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2002
- Tabell 8 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Desember 2002
- Tabell 9 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-desember 2002
- Tabell 10 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Desember 2002
- Tabell 11 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-desember2002
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54