14536_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14536
Færre overnattingar i januar
statistikk
2003-03-11T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarjanuar 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre overnattingar i januar

Talet på overnattingar ved kommersielle norske overnattingstader gjekk ned med 8 prosent i januar i år samanlikna med januar i fjor, frå 1,175 millionar til 1,082 millionar. Den norske marknaden, som stod for 76 prosent av det totale talet på overnattingar, gjekk ned med 6 prosent, medan talet på overnattingar frå utlandet gjekk ned med 15 prosent.

Overnattingar, etter overnattingstype. Januar 2003

Talet på overnattingar ved hyttegrendene auka med 46 prosent. Talet på overnattingar ved hotella, campingplassane og vandrarheima gjekk derimot ned. Hyttegrendene hadde auke både i talet på innanlandske og utanlandske overnattingar. Denne auken har samanheng med at enkelte større hyttegrender som tidlegare var i hotellstatistikken, nå er overført til hyttegrendstatistikken.

Færre av dei store

Danmark var den absolutt største utanlandsmarknaden i januar 2003 med 106 000 overnattingar. Talet på danske overnattingar gjekk ned med 18 prosent samanlikna med same månad i fjor. Sverige var den nest største utanlandsmarknaden, og talet på svenske overnattingar gjekk ned med 24 prosent.

Talet på overnattingar frå Storbritannia og Tyskland gjekk ned samanlikna med januar 2002.

Hotella dominerer

Januar er vanlegvis lågsesong, spesielt ved campingplassane og hyttegrendene. I januar hadde derfor hotella ein større del av overnattingane enn året sett under eit. Hotella hadde 88 prosent av overnattingane medan campingplassane hadde 8 prosent. Hyttegrendene og medlemsbedriftene i Norske Vandrerhjem stod til saman for om lag 4 prosent av overnattingane.

Overnattingane ned med 1 prosent i januar i Sverige

I januar 2003 var det 1,7 millionar overnattingar ved svenske hotell, hyttegrender og vandrarheim. Dette er ein nedgang på 18 100 overnattingar samanlikna med januar 2002. Svenskanes del av overnattingane var 80,8 prosent. Gjester frå Norden elles, Europa utanom Norden samt verden elles hadde 7,8, 8,1 respektive 3,3 prosent av overnattingane.

Danmark var det landet som etter Sverige hadde flest overnattingar, 83 200. Gjester frå Storbritannia, Tyskland og Noreg hadde 35 900, 34 600, respektive 31 200 overnattingar. Den største auken, samanlikna med januar i fjor, hadde USA, mens danske overnattingar gjekk ned.

Tabeller: