Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
100 000 færre overnattingar
Talet på overnattingar ved kommersielle norske overnattingsstader gjekk ned med 7 prosent i februar i år samanlikna med februar i fjor, frå 1,5 til 1,4 millionar. Den norske marknaden gjekk ned med 7 prosent, medan talet på overnattingar frå utlandet gjekk ned med 8 prosent.
Talet på overnattingar ved hyttegrendene auka med 49 prosent. Talet på overnattingar ved dei andre overnattingsformene hotell, campingplassar og vandrarheimar derimot, gjekk ned. Hyttegrendene hadde auke både i talet på innanlandske og utanlandske overnattingar. Denne auken har samanheng med at enkelte større hyttegrender, som tidlegare var i hotellstatistikken, nå er overførte til hyttegrendstatistikken.
Færre frå Norden
Den nordiske marknaden har nesten to tredjedelar av utanlandsmarknaden. Dei tre største nordiske landa, Danmark, Sverige og Finland, gjekk alle ned, medan det frå Island var ein liten auke. Talet på danske overnattingar gjekk ned med 9 prosent medan talet på svenske overnattingar gjekk ned med 15 prosent, alt samanlikna med same månad i fjor.
Flest norske overnattingar
I februar i år var det totalt 1,017 millionar overnattingar frå Noreg, som er om lag 72 prosent av totalen. På campingplassane var delen 87 prosent, medan vandrarheimar hadde ein del på 47 prosent.
Flest overnattingar ved hotella
Hotella hadde 86 prosent av overnattingane medan campingplassane hadde 9 prosent. Hyttegrendene og medlemsbedriftene i Norske Vandrerhjem stod til saman for nesten 5 prosent av overnattingane.
Overnattingane auka med 3 prosent i Sverige
Talet på overnattingar ved svenske overnattingsbedrifter var i februar 2,0 millionar. Det er ein auke på 63 800 overnattingar samanlikna med februar i fjor. Delen svenske overnattingar er 79 prosent, medan gjester frå Norden elles stod for 10 prosent, Europa utom Norden 8 prosent og verden elles stod for 3 prosent av overnattingane.
Blant svenske overnattingsbedrifter var Danmark det landet som etter Sverige hadde flest overnattingar, 123 200. Gjester frå Noreg, Storbritannia og Tyskland hadde respektive 51 400, 41 500 og 41 300 overnattingar. Danmark auka mest med 10 500 overnattingar samanlikna med februar førre året. Kjelde: Statistiska centralbyrån, Sverige.
Tabeller:
- Tabell 1 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2003
- Tabell 2 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Februar 2003
- Tabell 3 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-februar 2003
- Tabell 4 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Februar 2003
- Tabell 5 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-februar 2003
- Tabell 6 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2003
- Tabell 7 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2003
- Tabell 8 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Februar 2003
- Tabell 9 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-februar 2003
- Tabell 10 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Februar 2003
- Tabell 11 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-februar 2003
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54