14532_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14532
Talet på overnattingar gjekk ned 12 prosent
statistikk
2003-05-12T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarmars 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Talet på overnattingar gjekk ned 12 prosent

Talet på overnattingar ved kommersielle norske overnattingsstader gjekk ned med 12 prosent i mars i år samanlikna med mars i fjor, frå 1,8 millionar til 1,6 millionar. Den norske marknaden gjekk tilbake med 12 prosent, medan talet på overnattingar frå utlandet fall med 10 prosent.

Talet på overnattingar ved hyttegrendene auka med 21 prosent. Talet på overnattingar ved dei andre overnattingsformene hotell, campingplassar og vandrarheim, gjekk derimot ned. Hyttegrendene hadde auke både i talet på innanlandske og utanlandske overnattingar. Dette har samanheng med at enkelte større hyttegrender som tidlegare var i hotellstatistikken, nå er overført til hyttegrendstatistikken.

Stor nedgang for campingplassane

Talet på overnattingar ved campingplassane gjekk ned med 42 prosent samanlikna med mars i fjor. Denne store nedgangen har samanheng med at påsken i fjor var i mars månad, medan den i år var i april. Dette gjer det vanskeleg å samanlikna tala for desse to månadene.

Færre frå Norden

Den nordiske marknaden har 54 prosent av utanlandsmarknaden, og Norden inklusive Noreg har 89 prosent av overnattingane. Danmark, Sverige og Finland gjekk alle ned, medan det frå Island var ein auke. Talet på danske overnattingar gjekk ned med 14 prosent medan talet på svenske overnattingar gjekk ned med 22 prosent, alt samanlikna med same månaden i fjor.

Flest norske overnattingar

Tre av fire overnattingar er frå Noreg. På campingplassane var delen 89 prosent, medan hyttegrendene hadde ein del på 56.

Flest overnattingar ved hotella

Hotella hadde 86 prosent av overnattingane medan campingplassane hadde 10 prosent. Hyttegrendene og medlemsbedriftene i Norske Vandrerhjem stod til saman for nesten 5 prosent av overnattingane.

Nedgang med 1 prosent i Sverige

Talet på overnattingar på svenske overnattingsbedrifter var i mars 2,3 millionar. Det er ein nedgang med 19 600 overnattingar eller i underkant av 1 prosent samanlikna med mars 2002.

Svenske overnattingar stod for 83 prosent. Danmark var den største utanlandsmarknaden med 69 200 overnattingar, medan Noreg, Tyskland og Storbritannia hadde høvesvis 63 400, 47 900 og 34 900 overnattingar. Den største auken, 10 200 overnattingar, samanlikna med mars i fjor, hadde Tyskland, medan talet på norske overnattingar gjekk ned med 8 400.

Tabeller: