Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire overnattingar
Talet på overnattingar ved kommersielle norske overnattingstader auka med 4 prosent i april i år samanlikna med april i fjor, frå 1,30 millionar til 1,34 millionar. Den norske marknaden auka med 8 prosent, medan talet på overnattingar frå utlandet gjekk ned med 14 prosent.
Talet på overnattingar ved hyttegrendene auka med 56 prosent, medan overnattingstala ved campingplassane og vandrarheimane auka med 45 og 16 prosent. Talet på overnattingar ved hotella gjekk ned 5 prosent. Auken for hyttegrendene og nedgangen for hotella har samanheng med at enkelte større hyttegrender som tidlegare var i hotellstatistikken, no er overførte til hyttegrendstatistikken. Auken i april har elles samanhang med at påsken i år var i april, medan han var i mars i fjor. Dette gjer det vanskeleg å samanlikne tala for desse to månadene.
Færre frå Norden
Den nordiske marknaden har 40 prosent av utanlandsmarknaden, og Norden inklusive Noreg har 90 prosent av overnattingane. Det var nedgang både frå Danmark, Sverige og Finland medan det frå Island var ein liten auke. Talet på danske overnattingar gjekk ned med 4 prosent medan talet på svenske overnattingar gjekk ned med 31 prosent, alt samanlikna med april i fjor.
Flest norske overnattingar
Fem av seks overnattingar er frå Noreg. På campingplassane var delen 93 prosent, medan om lag halvparten av overnattingane ved vandrarheimane var nordmenn.
Færre overnattingar så langt i år
Etter dei fire første månadene i år, har det vore 5,4 millionar overnattingar ved norske overnattingsstader. Dette er ein nedgang på 6 prosent samanlikna med same periode i fjor. Det er nedgang for alle overnattingsformene unntatt for hyttegrender, der det har vore ein auke på 40 prosent.
Nedgang med 3 prosent i Sverige
Talet på overnattingar ved svenske overnattingsbedrifter var i april i år 2,0 millionar. Det er ein nedgang med 66 400 overnattingar samanlikna med april i fjor. Svenskane hadde ein del på 82 prosent av overnattingane. Innbyggjarar frå Norden elles svarte for 7 prosent av overnattingane.
Noreg var den største utanlandsmarknaden i Sverige med 80 500 overnattingar. Noreg var dessutan den marknaden som auka mest. Storbritannia, Tyskland og Danmark hadde høvesvis 37 500, 33 700 og 31 300 overnattingar, der Tyskland og Danmark auka.
Tabeller:
- Tabell 1 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2003
- Tabell 2 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. April 2003
- Tabell 3 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-april 2003
- Tabell 4 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. April 2003
- Tabell 5 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-april 2003
- Tabell 6 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2003
- Tabell 7 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2003
- Tabell 8 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. April 2003
- Tabell 9 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-april 2003
- Tabell 10 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. April 2003
- Tabell 11 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-april 2003
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54