Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
5 prosent fleire norske overnattingar
Talet på overnattingar ved kommersielle norske overnattingsstader auka med 3 prosent i mai i år samanlikna med mai i fjor, frå 1,56 millionar til 1,61 millionar. Den norske marknaden auka med 5 prosent, medan talet på overnattingar frå utlandet gjekk ned med 3 prosent.
Talet på overnattingar ved hyttegrendene auka med 37 prosent, medan overnattingstala ved campingplassane gjekk ned med 9 prosent. Den store auken for hyttegrendene har samanheng med at enkelte større hyttegrender som tidlegare var i hotellstatistikken nå er overført til hyttegrendstatistikken.
Færre utanlandske overnattingar
Talet på utanlandske overnattingar gjekk ned frå 365 000 i mai i fjor til 354 000 i mai i år, ein nedgang på 3 prosent. Med unntak av Island, var det nedgang frå alle dei nordiske landa. Talet på danske overnattingar gjekk ned med 20 prosent medan talet på svenske overnattingar gjekk ned med 10 prosent, alt samanlikna med mai i fjor.
Flest norske overnattingar
Litt meir enn tre av fire overnattingar er frå Noreg. På campingplassane var delen 84 prosent, medan om lag halvparten av overnattingane ved vandrarheimane var nordmenn.
Færre overnattingar så langt i år
I dei fem første månadene i år har det vore 7,0 millionar overnattingar ved norske overnattingsstader. Dette er ein nedgang på 4 prosent samanlikna med same periode i fjor. Det var nedgang for camping og for hotell, medan det for vandrarheimane og hyttegrendene var ein auke.
Auke med 7 prosent i Sverige
Talet på overnattingar ved svenske overnattingsbedrifter var i mai i år 2,3 millionar, viser tal frå Statistiska centralbyrån i Sverige. Det er ein auke med 7 prosent samanlikna med mai i fjor. Svenskane stod for 80 prosent av overnattingane. Innbyggjarar frå Norden elles svarte for 6 prosent av overnattingane.
Noreg var den største utanlandsmarknaden i Sverige med 71 400 overnattingar. Noreg var dessutan den marknaden som auka mest, samanlikna med mai i fjor.
Tabeller:
- Tabell 1 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2003
- Tabell 2 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Mai 2003
- Tabell 3 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-mai 2003
- Tabell 4 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Mai 2003
- Tabell 5 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-mai 2003
- Tabell 6 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2003
- Tabell 7 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2003
- Tabell 8 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Mai 2003
- Tabell 9 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-mai 2003
- Tabell 10 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Mai 2003
- Tabell 11 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-mai 2003
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54