14526_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14526
Færre overnattingar
statistikk
2003-08-14T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarjuni 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre overnattingar

Det var 3,0 millionar overnattingar ved kommersielle norske overnattingsstader i juni i år, ein nedgang på 4 prosent samanlikna med juni i fjor. Den norske marknaden gjekk ned med 3 prosent, medan talet på overnattingar frå utlandet gjekk ned med 6 prosent, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Talet på overnattingar ved hyttegrendene auka med i underkant av 1 prosent. Denne auken har samanheng med at enkelte større hyttegrender som tidlegare var i hotellstatistikken no er overførde til hyttegrendstatistikken. Talet på overnattingar ved campingplassane gjekk ned med 1 prosent.

Færre utanlandske overnattingar

Talet på utanlandske overnattingar gjekk ned frå 1,2 millionar i juni i fjor til 1,1 millionar i juni i år, ein nedgang på 6 prosent. Med unntak av Nederland, var det nedgang for alle dei større utanlandske marknadene. Talet på danske overnattingar gjekk til dømes ned med 18 prosent, medan talet på svenske overnattingar gjekk ned med 12 prosent, alt samanlikna med juni i fjor.

Færre overnattingar etter første halvår

Etter første halvår i år har det vore 10,0 millionar overnattingar ved kommersielle norske overnattingsstader. Dette var ein nedgang på 4 prosent samanlikna med same periode i fjor. Det var nedgang for campingplassane og for hotella, medan det for vandrarheimane og hyttegrendene var ein auke.

Liten auke i Sverige

Talet på overnattingar ved svenske overnattingsbedrifter var i juni i år 2,5 millionar, viser tal frå Statistiska centralbyrån i Sverige. Det er ein liten auke på 0,4 prosent samanlikna med juni i fjor.

Noreg var den nest største utanlandsmarknaden i Sverige med 111 000 overnattingar, medan Tyskland var den største marknaden og den marknaden som auka mest, samanlikna med juni i fjor.

Tabeller: