14524_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14524
Auke for nordmenn
statistikk
2003-09-11T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarjuli 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke for nordmenn

Det var 5,1 millionar overnattingar ved kommersielle norske overnattingstader i juli i år, mot 5,2 millionar i juli i fjor. Dette er ein nedgang på 1,5 prosent. Den norske marknaden auka med 0,8 prosent, medan talet på overnattingar frå utlandet gjekk ned med 5 prosent.

Talet på utanlandske overnattingar gjekk ned frå 1,9 millionar i juli i fjor til 1,8 millionar i juli i år. Nederland var det einaste av dei større utanlandske marknadene som auka. Talet på både danske, svenske og tyske overnattingar gjekk ned samanlikna med juli i fjor.

Auke for campingplassane og hyttegrendene

Talet på overnattingar ved hyttegrendene auka med 17 prosent, medan talet på overnattingar ved campingplassane auka med 1,6 prosent. Auken for hyttegrendene har samanheng med at enkelte større hyttegrender som tidlegare var i hotellstatistikken, er overførte til hyttegrendstatistikken. Hotella og vandrarheimane gjekk tilbake.

Nordmenn dominerar i juli

Litt færre enn to av tre overnattingar ved kommersielle overnattingsstader er norske. Denne delen varierer overnattingstypane imellom, frå 37 prosent norske overnattingar ved vandrarheimane til nesten 70 prosent ved campingplassane.

Færre overnattingar til og med juli

Etter årets sju første månader, har det vore 15,1 millionar overnattingar ved kommersielle norske overnattingsstader. Dette er ein nedgang på vel 3 prosent samanlikna med same periode i fjor. Det har vore nedgang for campingplassane, hotella og for vandrarheimane medan hyttegrendene har auka.

Liten nedgang i Sverige

Talet på overnattingar ved svenske overnattingsbedrifter var i juli i år 3,9 millionar, viser tal frå Statistiska centralbyrån i Sverige. Det er ein liten nedgang samanlikna med juli i fjor.

Noreg var i juli den største utanlandsmarknaden i Sverige med 344 900 overnattingar. Norske overnattingar gjekk ned. Som i Noreg, var Nederland den marknaden med størst auke, medan talet på tyske overnattingar gjekk ned.

Tabeller: