Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auke i talet på utanlandske overnattingar
Det var 3,57 millionar overnattingar ved kommersielle norske overnattingstader i august 2003, mot 3,55 millionar i august i fjor. Dette er ein auke på 0,5 prosent. Den norske marknaden gjekk ned med 0,8 prosent, medan talet på overnattingar frå utlandet auka med 2,5 prosent.
Talet på utanlandske overnattingar auka frå 1,39 millionar i august i fjor til 1,42 millionar i august i år. Dei to største utanlandsmarknadene, Nederland og Tyskland, auka med 12 og 9 prosent, medan talet på overnattingar frå våre nordiske naboar gjekk ned.
Nedgang berre for hotella
Talet på overnattingar ved hyttegrendene auka med 12 prosent, talet auka med om lag 2 prosent ved campingplassane og vandrarheimane medan overnattingane ved hotella gjekk ned. Auken for hyttegrendene har samanheng med at enkelte større hyttegrender som tidlegare var i hotellstatistikken, er overførte til hyttegrendstatistikken.
Flest norske overnattingar
Om lag tre av fem overnattingar ved kommersielle overnattingsstader i august var norske. Vandrarheimane hadde 29 prosent norske overnattingar, medan hotella og campingplassane hadde 61 prosent.
Færre overnattingar til og med august
Etter årets åtte første månader, har det vore 18,7 millionar overnattingar ved dei norske overnattingsstadene. Dette er ein nedgang på nesten 3 prosent samanlikna med same periode i fjor. Det var nedgang for campingplassane, hotella og for vandrarheimane medan hyttegrendene har auka.
Auke på 2 prosent i Sverige
Talet på overnattingar ved svenske overnattingsbedrifter var 3,0 millionar i august viser tal frå Statistiska centralbyrån i Sverige. Dette er ein auke på 64 400 overnattingar samanlikna med august 2002. Svenske overnattingar svarte for 72 prosent. Tyskland var den største utanlandsmarknaden i august, med 189 700 overnattingar. Gjester frå Noreg, Storbritannia og Danmark hadde 127 400, 59 600 og 55 600 overnattingar. Den største auken hadde Tyskland med 37 800 overnattingar, samanlikna med august i fjor.
Tabeller:
- Tabell 1 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2003
- Tabell 2 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. August 2003
- Tabell 3 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-august 2003
- Tabell 4 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. August 2003
- Tabell 5 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-august 2003
- Tabell 6 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2003
- Tabell 7 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2003
- Tabell 8 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. August 2003
- Tabell 9 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-august 2003
- Tabell 10 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. August 2003
- Tabell 11 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-august 2003
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54