Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Svak nedgang i oktober
Det var 1,30 millionar overnattingar ved kommersielle norske overnattingstader i oktober 2003, mot 1,31 millionar i oktober i fjor. Dette er ein nedgang på 0,6 prosent. Den norske marknaden gjekk ned med 0,4 prosent, medan talet på overnattingar frå utlandet gjekk ned med 1,5 prosent.
Talet på utanlandske overnattingar gjekk ned frå 197 000 i oktober i fjor til 194 000 i oktober i år. Dei fire største utanlandsmarknadene, Sverige og Storbritannia, Danmark og Tyskland, gjekk alle ned. Tyskland gjekk ned med 1 prosent, Sverige med 13 prosent, Storbritannia med 2 prosent, medan talet på danske overnattingar gjekk ned med 0,2 prosent.
Nedgang for vandrarheimane
Talet på overnattingar ved vandrarheimane gjekk ned med 9 prosent samanlikna med oktober i fjor. For campingplassane og hotella var det små endringar, høvesvis auke på 0,8 og nedgang på 0,9 prosent. Talet på overnattingar ved hyttegrendene derimot auka med 14 prosent. Auken for hyttegrendene har framleis samanheng med at enkelte større hyttegrender som tidlegare var i hotellstatistikken er overførte til hyttegrendstatistikken.
Flest norske overnattingar
Om hausten er det vanlegvis få utanlandske overnattingar ved norske overnattingsstader. I oktober var delen 85 prosent. Vandrarheimane hadde 63 prosent norske overnattingar, hyttegrendene 68 prosent, medan hotella og campingplassane hadde høvesvis 85 og 89 prosent norske overnattingar.
Færre overnattingar til og med oktober
Etter årets ti første månader, har det vore 21,7 millionar overnattingar ved dei norske overnattingsstadane. Dette er ein nedgang på nesten 3 prosent samanlikna med same periode i fjor. Det var nedgang for alle overnattingsformene utanom hyttegrendene.
Auke i Sverige
Talet på overnattingar ved svenske overnattingstader hadde ein liten auke samanlikna med oktober i fjor. Auken var på 2,4 prosent.
Tabeller:
- Tabell 1 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2003
- Tabell 2 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Oktober 2003
- Tabell 3 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-oktober 2003
- Tabell 4 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Oktober 2003
- Tabell 5 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-oktober 2003
- Tabell 6 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2003
- Tabell 7 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2003
- Tabell 8 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Oktober 2003
- Tabell 9 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-oktober 2003
- Tabell 10 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Oktober 2003
- Tabell 11 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-oktober 2003
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54